Kveldheim jubilerte

Borda var fullsette da bølendingane feira slåttagraut og 100-årsjubileum på Kveldheim laurdag. Bø Grendalag skapte ein minnerik dag i det ærverdige huset.

I mange år har grendalaget invitert til slik felles grautfest. Og velsmakande var den i år som elles, ikkje minst takka vera meisterkokka Inger Bøe. Saman med ektemannen Paul, som gjennom åra har gjort enorm dugnadsinnsats for grendahuset Kveldheim, fekk ho da også velfortente blomster.

 

«Bølandets Folkeskole»

Kveldheim var bygd som privat skule i 1916, i protest mot manglande kommunal skuleskyss over Bøsundet. Foreldra finansierte både skulebygg og drift med utlønning av lærar i seks år. Etter ulovleg streik, med ungane heime frå skulen eit heilt år, fekk dei endeleg kommunal betaling til å hyre ein roar over til skulen på Settemsørane. Men også seinare var kravet om eigen skule på Bø framme fleire gonger.

 

Bedehus og barnehage

Frå 1931 til 1998 gjorde skulebygget teneste som «Bø Bedehus» og var i praksis eit allmennt grendahus. Her vart halde misjonsmøte og populære  juletrefester.  Frå fredsåret 1945 og til Bø-brua skaffa vegsamband med resten av Bøfjorden, var det også 17. mai-feiring på  bedehuset.  Hausten var basarsesong til inntekt for mang ei god sak – både misjon, redningssak og for eige samvirkelag som kom i stand sist i 1940-åra.

I periodar var bedehuset også nytta til familie- og feriebustad. Bøfjorden Korttidsbarnehage leigde huset frå 1981 til 1985.

 

Bø Grendalag tok over

Da Bø Misjonsforening vart nedlagt på 1990-talet, vart Bø Grendalag stifta med tanke på vidare drift av Kveldheim. Sidan overtakinga i 1998 har både aktiviteten og dugnadsinnsatsen med vedlikehald vore stor.

 

Kåseri og jubileumsbok

I eit lysbildekåseri gjekk Bernt Bøe med sjumilsskritt gjennom hundre års historie, og folk i salen kommenterte med eigne opplevingar frå basarar, møte og juletrefester på Kveldheim. Til jubileet har han også skrive eit hefte om den frodige, muntre og dels vemodige historia. Og mange nytta høvet til å kjøpe "Kveldheim - hundre år" på grautfesten.

Kvh a Styret_690x422.jpg

Styret i Bø Grendalag hadde laga skikkeleg 100-årsfest for Kveldheim. Frå venstre Gunnvor Bøe, Kari Bøklepp, Magnhild Bøe, Målfrid Bøklepp og Ola Bøe.

Kvh b Grautfest_690x416.jpg

Felles slåttagraut er ein av mange fine Kveldheim-tradisjonar.

Kvh c Tom gryte_690x467.jpg

Og grauten hennar Inger gjekk unna. Her er første gryta tom, konstaterer Kari Bøklepp (frå venstre), Målfrid Bøklepp og Magnhild Bøe.

Kvh d Inger og Paul_690x495.jpg

Fortente blomster til ekteparet Inger (meisterkokk) og Paul Bøe (for dugnadsinnsats i mange ti-år).

Kvh e JubKaka_690x389.jpg

Og så dukka jubileumskaka opp – vakker og velsmakande!

Kvh f PerG og Gh_690x533.jpg

Ekteparet Per Gudmund og Gunhild Bøklep Bøe vart bortreiste på jubileumsdagen, men fekk stor applaus for enorm innsats for «nye» Kveldheim. Biletet er frå Fjorddagen i juli i år.

Kvh g Montasje Juletrefest_690x491.jpg

Montasje frå biletkåseriet: Juletrefest på bedehuset.

Kvh h Montasje Anna_690x489.jpg

Montasje frå biletkåseriet:

Familien Sjøflot budde på bedehuset først på 1950-talet. Til venstre Søstrene Anna og Ingeborg i 1952. Til høgre er Anna på besøk sommaren 2016 - i kjøkenet der ho vart fødd i 1951!

Kvh i Frå serien Bø Misj c 1960_690x489.jpg

Frå biletkåseriet:

Misjonskvinner på Bø rundt 1960. Ståande frå venstre: Tora O. Bøe (Ila), Ragnhild O. Bøe (Kristengarden), Betzy Staknes, Ellen Bøklepp (Sjøholt), Guro Bøe (Fredheim), Margrete Bøe (Søgarden), Ingeborg Staknes og Gunvor Bøe (Olastua). Ho som sit, er Elen Gjertine Bøe («Gammel-Elen Ila»).

Kvh j Brev 1932_690x278.jpg

Kampen for eigen skule på Bø var langvarig. Her har mannfolka skrive under kravbrev til kommunen i 1932.

 

Tekst/foto: Bernt G. Bøe.