Picasa

No med fleire bilde frå Nathan Lediard

Kvardagsheltar

Vi er i overgangen til vinterføre, noko som lett kan føre til uhell etter vegane med utrykning av mange av heltane Olav Viksmo-Slettan og Nathan Lediard presenterte for oss ved presentasjonen av boka "Ekte helter  -  når liv står på spill" på kulturhuset fredag kveld.

I eit heilt år reiste Nathan Lediard frå Surnadal og Olav Viksmo-Slettan frå Tolga land og strand rundt i Norge og fotfølgde ekte heltar på øvingar, utrykningar og nattevakter for å finne ut kven dei var desse som sette livet på spel for å berge andre liv.

IMGP2533_690x459.jpg

Fredag kveld vart resultatet, boka «Ekte helter», presentert i Surnadal Kulturhus, på heimebane for fotografen Nathan Lediard. Forfattaren Olav Viksmo-Slettan var i kjent form slik vi kjenner han frå ulike program i NRK, frå Nitimen og skirenn til kommentator for Melodi Grand Prix.

Ein barndomshelt for Viksmo-Slettan var lastebilsjåføren i nabolaget, men dette var andre heltar. Heltar som utgjer forskjellen på liv og død.

Vi fekk dei presentert i eit velredigert show med bilde og videoar frå Lediard med Viksmo-Slettan sine lune og engasjerte kommentarar. Det var tydeleg at det betydde noko for han å få dele historiene til jordmora, brannmannen, politibetjenten og dei andre heltane vi blir kjent med gjennom boka «Ekte heltar». Alle fekk sin fortente applaus i tur og orden gjennom presentasjonen.

Brann_690x460.jpe

Det er utruleg mykje dramatikk i ei bildeserie i svart/kvitt av ein stor brann i Holmenkollåsen når den blir vist på rett måte og med rett musikk. Viksmo-Slettan kommenterte bildeserien med kred til brannmannskapa for at ingen av nabohusa vart skadde.

Tor Arne Moen intervjua av Olav Viksmo-Slettan_690x459.jpg

Så kalla han fram Tor Arne Moen for eit kort intervju og for å gje ros til alle frivillige som stiller opp som brannmannskap – rett ut frå kvardagssituasjonen sin. På spørsmål sa Tor Arne at han slett ikkje hadde planar om å slutte i brannvernet, sjølv om ein kunne bli utsett for sterke påkjenningar.

Nathan Lediard intervjua av Olav Viksmo-Slettan_690x459.jpg

Fotografen Nathan Lediard vart også intervjua og fortalte om opplevingar under arbeidet med boka. Han hadde vore både sjøsjuk og redd under somme av oppdraga, men straks han fekk kameraet i handa var han berre fotograf.

Viksmo-Slettan var stolt over å ha hatt Nathan Lediard med på laget med boka. Han minte oss på at Lediard er ein premiert fotograf, og eit av bilda i boka er plukka ut til å representere Norge i World Photographic Cup. Les om det her!

I Oslo var dei med nattpatrulje og opplevde store beslag av narkotika av mange og tvilsomt slag. Politibetjentane lurar på korleis det går med psykiatrien om nokre år. Denne natta gjekk dei forresten fri for handjarn og måtte på stasjonen etter fleire.

Olav Viksmo-Slettan avslutta denne «vakta» i 5-tida, for så å stille som programleiar i Nitimen med småprat og spele Shania Twain for det norske folket. Kontrastar i kvardagen.

Så hadde Viksmo-Slettan ei bekymring i samband med alle rasulykkene vi høyrer om når «alle» skal drive med risikosport. Har vi råd til at folk skal stryke med i fjellsidene våre?

12112220_1671074913136631_1864210561921787866_n.jpg

Bildet "Legen" gav Lediard sølv i Norges største konkurranse for fagfotografar i april i år. Dette bildet tok han av legen Lars Oma mellom to keisarsnitt i 3-tida ei natt.

Ser på Twitter at det i løpet av fredagskvelden var fleire mindre trafikkuhell, men heldigvis utan personskade, og at bilar har havna i grøfta fleire stader på det glatte føret. Nokre av heltane i boka måtte sikkert ut denne natta også.

Lokale heltar i lag med Lediard og Viksmo-Slettan_690x374.jpg

Her er nokre av dei lokale "Ekte helter" som var i salen.

Nathan Lediard og Olav Viksmo-Slettan signerer bøker_690x459.jpg

Boka får du kjøpt i bokhandlane, men berre dei som var i Svorkasalen fredag fekk den signert av forfattarduoen!

Handjarna vart brukt opp_690x459.jpe

Ved Oslo S røyner det på handjerna.

Jan Egil Bårdsgård_690x460.jpe

Jan Egil Bårdsgård er "verdensmester" bak spaken i redningshelikopter, 6300 loggførte timar.

Redningshunden_690x460.jpe

Susanne og redningshunden Sjakk, som ikkje lever lenger. Susanne trenar opp ny hund.

Redningsskøyta_690x460.jpe

Redningsskøyta i utrykning

Utrykningsbil_690x459.jpe

I utrykningsbilen

Utrykningsbil2_690x460.jpe

Alle svart/kvitbilda er tatt av Nathan Lediard og stilt til disposisjon for Trollheimsporten, vi takkar!

Tekst/fargefoto: OleT