Torsdag
Torsdag Skyet
10°
Skyet
Lett bris
Fredag
Fredag Delvis skyet
14°
Delvis skyet
Svak vind
tp_leserinnlegg

Kvar skal Peter stikka sverdet? Og litt til.

Dordi Skuggevik stiller dette spørsmålet når ho klagar over nyare bibelomsetjingar. Ho viser mellom anna til Johannesevangeliet for å finna det rette svaret: slira. Eg tok til å lura på om det står så gale til i dei nyaste biblane. Eg slo opp i den nyaste ordinære bibelen eg har, Bibelselskapet si omsetjing frå 2011. I Johannes18, 10-11 står at Peter hadde sverdet og at Jesus sa til han at han skulle stikka sverdet i slira. I dei andre evangelia står det annleis. I Matteus 26, 51-52 står "Ein som var med han", og "Då sa Jesus til han:"Stikk sverdet ditt i slira!" " I Markus 14, 47-48 står "Ein av dei som var der, drog då sverdet, ....", men i vers 48 står det ikkje noko kvar sverdet skal vera. I Lukas 22, 50-51 står: "Og ein av dei hogg etter tenaren til øvstepresten....." og "Men Jesus sa: "Lat det vera med det!" I konfirmasjonsbibelen min, utgjeven i 1953, finn eg mest ordrett dei same formuleringane.

Gjennom ein del år har eg hatt besøk av folk frå Jehovas vitne. Dei har villa overtyda meg om at nett deira bibelomsetjing er den beste. Eg har fått to biblar hjå dei, den siste er utgjeven på norsk i 2017. Vi har samanlikna det som står i ulike bibelutgåver og eg har gledd meg over mange diskusjonar. Eg har og hatt stor glede av å diskutera med dei av di eg er darwinist. I Jehovas vitne sin bibel finn eg om lag dei same formuleringane og det er berre Johannes som nemner Peter med namn.

I 2012 var eg ein tur til Roma. Etter omvising i Vatikanet kom eg til ein bokhandel med katolske bøker i gata nedanfor. Eg gjekk inn og bad om ein bibel på latin. Eg vart spurd om eg ville ha den gamle eller den nye utgåva. Eg valde den nye, "Nova Vulgata". Det står slik i Johannes 18, 11: "Dixit ergo Jesus Petro: "Mitte gladium in vaginam; calicem, quem dedit mihi Pater, non bibam illum?" " Så ja, slira er med.

Eg er samd med Dordi om at det er leitt å missa ord og formuleringar ein er blitt van med. Likevel er det somme tider nødvendig å laga nye omsetjingar. Det går mellom anna på kor forståeleg språket er. Det er heller ikkje så sikkert at tidlegare omsetjingar er betre enn dei nye. Spennet frå omsetjing ord for ord til omsetjing tilpassa andre kulturar og tider er stort. Aschehoug gav i 1991 ut Det umuliges kunst. Om å oversette. Boka er redigert av Per Qvale m. fl. Boka inneheld 23 essays og eit intervju. Første essay er Kan Bibelen oversettes? av Erik Gunnes. Her er mykje interessant å lesa. I samband med den nye bibelutgåva frå 2011 kom det to bøker om omsetjingsarbeidet. Begge er forvitneleg lesnad. Den eine er Amadou, Christine & Aschim, Anders (red.)(2011): Bibelsk. Verbum Forlag. I forordet blir det vist til at tekstsamlinga nærmar seg Bibelen på mange ulike måtar, gjennom litterære bidrag med ankerfeste i bibelsk materiale, ved refleksjonar over fenomenet omsetjing og drøfting av konkrete omsetjingsproblem, i tekstar som aktualiserer og tekstar som knyter til ein lang hermeneutisk tradisjon. Eit utval norske forfattarar er trekte inn i prosessen. Bruken av skjønnlitterære forfattarar som stilistar er uttrykk for ei aukande interesse for dei litterære kvalitetane i Bibelen. Ein ønskte at omsetjinga skulle få fram det stilistiske og estetiske mangfaldet i dei greske og hebraiske kjeldetekstane. Så langt forordet. Eg kan ikkje skjøna anna enn at resultatet vart bra.

Den andre boka er Aschim, Anders (2013): Bibelen 3.0. Bak Bibel 2011. Verbum Forlag. I forordet er det vist til at bakgrunnen for denne boka er at Bibelselskapet har ønskt ei kompelettering til dokumentasjonen i Bibelsk med bidrag frå den andre sida av bordet, frå filologane og teologane. Boka tek opp utfordringar og problem som bibelomsetjarar støyter på, gjer greie for kva løysingar og val som ligg bak den bibelteksten som no ligg føre på nynorsk og bokmål, viser kva som er nytt i Bibel 2011 og drøftar kva som kunne vore annleis.

Eg er språkelskar og eg tykkjer inderleg synd i språkhatarar. Dei misser så mange gleder og utfordringar ! Eitt døme kan vera Edda-dikta frå norrøne litteraturen. Vel vi Voluspå, finst det fleire omsetjingar til bokmål og nynorsk. Eg nemner Ludvig Holm-Olsen 1975, Knut Ødeård 2013, Gro Steinsland og Preben Meulengracht Sørensen 1999, Marit Jerstad og Knut Harris 2013 og Ivar Mortenson-Egnund 1905. Som med Bibelen må omsetjarane velja løysingar som ofte blir eit kompromiss. Mortenson-Egnund si omsetjing liknar nok mest på originalen og er mest krevjande å lesa, og i seinare utgåver er og denne omsetjinga modernisert. Det kan likevel vera slik at andre omsetjingar tolkar grunnteksten betre.

I ein blogg skriv Dordi at ho ikkje gidd å lesa oppdikta bøker eller å skriva oppdikta bøker av di røynda er mykje meir spennande. Eg håpar det ikkje er heile sanninga om Dordi sine lesevanar. Kan vi ikkje læra noko om menneskenaturen ved å lesa til dømes Ibsen, Hamsun, Dostojevski, Tolstoj eller for den saks skuld ein skarve kriminalroman? Som naturvitar veit eg at naturfaget ikkje er den einaste måten å beskriva naturen på. Ei avhandling eller ei lærebok må vera nøyaktig, nøktern og teknisk. Dermed vil det lett bli oppfatta som keisamt og vanskeleg stoff. Som ein reaksjon på dette kan vi ta den engelske diktaren William Wordsworth sitt dikt frå 1798.


The Tables Turned

Up! Up! my friend, and quit your books;

Or surely you'll grow double:

Up! up! my friend, and clear your looks;

Why all this toil and trouble?
 

The sun, above the mountain's head,

A freshening luster mellow

Through all the long, green fields has spread,

His first sweet evening yellow.
 

Books! 't is a dull and endless strife:

Come, hear the woodland linnet,

How sweet his music! on my life,

There's more of wisdom in it.
 

And hark! how blithe the throstle sings!

He, too, is no mean preacher:

Come forth into the light of things,

Let Nature be your teacher.
 

She has a world of ready wealth,

Our minds and hearts to bless --

Spontaneous wisdom breathed by health,

Truth breathed by cheerfulness.
 

One impulse from a vernal wood

May teach you more of man,

Of moral evil and of good,

Than all the sages can.
 

Sweet is the lore which Nature brings,

Our meddling intellect

Misshapes the beauteous forms of things --

We murder to dissect.
 

Enough of Science and of Art;

Close up those barren leaves;

Come forth, and bring with you a heart

That watches and receives.
 

Det er mogleg å læra naturfag ved å lesa dikt. Her er eit døme frå diktsamlinga Atom av Bjørn Aamodt (2002):


Krypton

Edelgass funnet i flytende luft. En krypt er et rom som er skjult.

I atomspekteret til krypton lyser en linje i en farge mellom rødt og gult.

Og i dette lysets bølgelengde lå målestokken for en meter.

Av dette som var skjult er ikke annet igjen. Enn det som leter.
 

Eit forelda ord for naturfag er naturhistorie. Det tyder og kunnskapsområde, forskingsfelt som omfatar zoologi, botanikk, paleontologi og botanikk. Boksjangeren som på engelsk heiter Natural history har vore mykje brukt, men har vore mindre populær ein del år. Dette er i ferd med å snu. På mange språk kjem det stadig nye bøker der det faglege blir framstilt som forteljingar. Det blir kanskje mindre presist enn ei lærebok, men det blir lettare å lesa og vil inspirera folk til å trengja inn i stoffet. Som eit døme på naturhistorie vil eg til slutt ta med innleiinga til billefamilien Gyrinidae (Virvlarar) i den store danske ferskvassbiologen Carl Wesenberg-Lund si bok Biologie der Süsswasserinsekten frå 1943. Denne skildringa er ikkje berre romantisk poetisk og vakker, ho er og presis naturvitskap. Sidan boka er på tysk, har eg etter fattig evne laga denne omsetjinga:

Ta deg ein båt ein stille haustdag, når lauvet fell og dei store blada til dei kvite nykkerosene ligg som grøne heller på det svarte myrvatnet. I skuggen av dei nedbøygde bøketrea, som langsamt dryssar dei gylne blada sine ned på vatnet, på grensa mellom lys og skugge, ligg ein sverm svarte, stålblått skimrande virvlarar. Dei døser der så stille; som kvilande perler ligg dei på det mørke vatnet. Straks ein kjem berre nokre meter nær, framfører svermen den villaste dans. Dei ytste billene startar, snart blir også dei inste fanga av rørsla; dei lagar krinsar og spiralar, i alle moglege liner jagar dei av stad, berre ikkje rett fram. Etter få minutt ligg dei gøymde under blad og lauv og under steinane ved stranda, eller dei heng seg fast til vassplantene på botnen. I brøkdelen av eit sekund skiftar dei frå eit liv på overflata til eit liv under vatn.

Kom att ein par månader seinare, når novemberstormane har feia det siste lauvet av trea, når alle flyteblada er rotna bort og berre dei store Hottonia (vassblink) eller Callitriche (vasshår) står lyst vårgrøne i det mørke vatnet. Bøyer du deg da ut over bord, ser du dei store bukettane av vasshår bera hundrevis av sølvglinsande, kuleforma bobler, som blomar på blad og stilkar. I kvar boble sit ein virvlar. Kanskje overraskar isen dei og sperrar dei ute frå overflata den lange vinternatta.

Kjem du derimot ei morgonstund ein glitrande solskinsdag i slutten av mai, så finn du virvlarane på vassoverflata til paringssamkome. Det er ikkje ro og fred over flokken som om hausten, alt er i rørsle; hannane sit på ryggen til hoene, parvis fer dei i store sirklar bortover overflata; ein-to-tre så er dei borte. Som sølvbobler ser ein dei kverva under vatnet og under den steile breidda og koma opp att. Når sola steikjer på det varmaste, stoppar livet opp; da dreg dyra seg attende mellom nykkeroseblad eller helst mellom steinane ved stranda, der dei sit som alker på kanten av fuglefjellet, ferdige til å styrta til sjøs straks ein fare nærmar seg. Ein kan tydeleg sjå dei sitja der og pussa seg med frambeina”.

Ver varsam i desse kronesjuke-tider. God påske!


Leif Ragnar Fiske