Lilly Gunn Nyheim portrett

Kva gjer Surnadal?

Naboane sitt vegval får betydning for kva vegval Surnadal skal ta. Med Halsa og Rindal på kvar side kan det medføre at også Surnadal går til Trøndelag. Det skriv NRK Møre og Romsdal i dag. 

Rindal har allereie fått klarsignal frå fylkesmennene i både Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag til å skifte fylke. Men Rindal ønskjer samtidig å stå åleine, utan samanslåing med andre kommunar.

Fylkesmannen har også tatt til orde for at Halsa bør slå seg saman med Aure, men det har blitt avvist. Skulle Halsa i staden slå seg saman med Hemne og delar av Snillfjord i Sør-Trøndelag, da får det stor betydning for Surnadal, vedgår ordførar Lilly Gunn Nyheim frå Arbeidarpartiet.

– Vi har over 40 interkommunale samarbeid med Rindal og Halsa, og er dei kommunane vi har absolutt mest med å gjere. Viss kommunane på kvar side av oss går til Trøndelag vil det få følgjer for Surnadal. Personleg meiner eg at då må vi ta same vegen som nabokommunane, seier Nyheim til NRK.

Les heile saka på nettsidene til NRK Møre og Romsdal.


Arkivfoto