torilredalen480

Får 80 000 kroner av Møre og Romsdal Fylkeskommune

Kunstnarstipend til Toril Redalen

Toril Redalen (bildet) frå Todalen er ein av fire kunstnarar i Møre og Romsdal Fylke som får tildelt kunstnarstipend. Ved utløp av søknadsfristen i september var det 28 søkjarar til kunstnarstipend. Søknadane var fordelt med 20 søkjarar innan visuell kunst, to innan dans, fire innan musikk, ein innan litteratur og ein innan samspel mellom dikt/musikk.  

Fire kunstnarar i fylket er tildelt kunstnarstipend for 2011, det vedtok det nye kultur- og folkehelseuvalet i går. Det er fjerde året Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut midlar til kunstnarstipend, og ramma for tildeling no i 2011 var 300 000 kroner. Generell vurdering av søknadene har vore gjort med bakgrunn i vedtekne statuttar for ordninga.

Spesielt er det lagt til grunn følgjande kriterium:
- Høg kunstnarisk kvalitet på og klare mål for arbeidet søkjarane vil gjennomføre i stipendperioden
- Nyskapande og utviklande prosjekt for kunstnaren sjølv og for det kunstfaglege miljøet i fylket
 - Gode faglege grunngjevingar for korleis stipendet skal nyttast samt prioritering av søknader som skildrar arbeid innanfor notida sitt kunstfelt
- Butid og verke i fylket

Følgjande søkjarar er tildelt stipend i kultur- og folkehelseutvalet 02.11.2011:
- Marit H.Akslen - tekstilkunst - Sykkylven - 100 000,-
- Toril Redalen - samtidskeramikk- Surnadal - 80 000,-
- Sissel Stangenes - maleri - Fræna - 60 000,-
- Øystein Orten - romanprosjekt - Hareid - 60 000,-

Det skriver Møre og Romsdal Fylkeskommune på si heimeside