Ole Mauseth fotografert av Helene Nergård

Indre Nordmøre Senioruniversitetets årsmøte:

"Kunsten å leve vakkert"

Indre Nordmøre Senioruniversitet avholdt årsmøte onsdag 14. januar. I den sammenheng holdt kunstneren Ole Mauseth et innlegg om seg selv og kunsten sin. Her kan du lese INS' eget referat fra dagen og årsmøtereferat.

Kunstnaren Ole Mauseth i Surnadal heldt eit svært spennande innlegg hos Indre Nordmøre Senioruniversitet 14.januar, då han fortalde om seg sjølv og kunsten han arbeidde med. Dei 50 frammøtte fekk eit interessant møte med ein reflektert og allsidig kunstnar, som først fortalde om og viste bilde frå fleire opphald han hadde hatt dei siste åra i steinhoggarmiljøa i Carrara i Italia, deretter gav eit personleg innblikk i kunstnarvegen han hadde gått, og så avslutta med å spele eit kjenslevart og sjølvkomponert musikkstykke,  ”Fjellbekken”.

Ole Mauseth hadde starta kunstnarvegen med ei allsidig interesse for natur, friluftsliv og musikk. Han hadde stoppa ut si første rype som 9-åring, og hadde fagbrev som taksidermist. Så hadde han arbeidd mykje med teikning og grafikk, og no var det mest skulptur. Han hadde etter kvart fått fleire skulpturar rundt om i Surnadal, men pr i dag rekna han ”Fiskaren” utanfor Kulturhuset i Surnadal som hovudverket sitt.

Interessa for fuglar og dyr hadde heile livet vore viktig, og i 20-årsalderen vart han mykje opptatt av religion, filosofi og samfunnskritikk. Av filosofane Gandhi, Arne Næss og Peter Wessel Zappfe hadde han fått understreka naturens eigenverdi, og påstanden om at ”Eit menneskeliv er meir verd enn eit dyreliv” var ikkje lenger så sjølvsagt. No var målet å prøve å leve livet som bilethoggar, og ikkje berre meistre livet, men bli eit betre menneske og leve vakkert.

 

Tekst: Eivind Hasle

Foto: Helene Nergård

 

Her kan du laste ned årsmøtereferatet i word-format.