- Onsdag 23.05 Åpen leikeplass
- Torsdag 24.05 Barnegolf Surnadal Golfpark
- Torsdag 24.05 Torsdagsgolf Surnadal golfpark
- Torsdag 24.05 Vårsøghelga: Opning med Gullvåg
- Torsdag 24.05 Fotball: Rindal FK J14
- Torsdag 24.05 Vårsøghelga: Teater NonStop
- Fredag 25.05 Vårsøghelga: Magnhild
- Fredag 25.05 Vårøghelga: Opptog
- Fredag 25.05 "Tor med hammeren"
- Fredag 25.05 Kleivakvelden
Kunst på Surna bedehus II
ROT
Like etter operasongen var det søstrene Marit og Ingebjørg Loe Bjørnstad sin tur med framsyninga ROT. Vi kan trygt seie at spranget var stort mellom desse programma. Desse utøvarane nytta dans, vokale uttrykk og tekst i ei forestilling dei hadde bygd opp frå grunnen.
ROT - røtter var temaet, eller som det stod i programmet: «Kva skal eg gjera med saknet etter å kjenne meg heime ein stad?»
Svaret prøvde dei å komme fram til gjennom bruk av dei ulike verkemidla i framsyninga.
«De e så drygt å knot!» sa dei. Og med dialekt blir du plassert i bås: «Å ja, nordmøring, du!»
Slik er det nok, og vi må arbeide vidare med dette og finne vår eigen veg og våre eigne svar på slike utfordringar.
Klikk på bilda nedafor og sjå dei større og i serie!
.




































