IMGP3484

Kunst på Surna bedehus I

Surna bedehus er eit av dei siste lokala Vårsøghelga har teke i bruk. Pinseaften var det opera i verdsklasse i det gode konsertlokalet med tittelen "Som far så son". Knut Iversen, med kone frå Mogjeret i Øvre Surnadal, og sonen Audun gav eit fullsett bedehus ei sterk oppleving med tonefølgje av stangvikgardingen Trygve Brøske på piano.

Stemmeprakten til barytonsongarane Audun og Knut Iversen fylte bedehuset og marg og bein til dei 130 lyttarane som hadde benka seg i Surna bedehus.


  Programmet var spenstig, frå songsyklusen The Vagabond av Robert Luis Stevenson og Ralph Vaughan Williams(mel.) via tyske lieder og Figaro-arier til utdrag frå den kjente svenske songsyklusen Gluntarna av Gunnar Wennerberg. Kvelden toppa seg i ei italiensk avslutning som ekstranummer. Hadde ikkje neste program venta på å få førebu seg, hadde vi nok fått fleire ekstranummer. Karane var godt igang og hadde sikkert meir på lager!


 

Tonefølgjet til Trygve Brøske var framifrå! Arrangementa hadde han sjølv skrive for denne anledninga, og det følgde dei to barytonsolistane tett i intensitet og støtta opp om songen deira til ein heilskap slik eit godt tonefølgje skal. Fleire gonger såg det nærmast ut som han skulle til å synge med! Innleving!

 

Klikk på bilda nedafor for å sjå dei større og som bildeserie! Kanskje hører du song og musikk?

 

IMGP3427
Marit Larsdatter Moen ønska far og son Iversen velkomne
IMGP3430
- og pianisten!
IMGP3433
IMGP3434
IMGP3438
IMGP3447
IMGP3449
IMGP3454
IMGP3455
IMGP3463
IMGP3484