Kunst på Skimuseet

Førjulsutstillinga til Rindal Kunstlag byr i år på verk frå heile ni kunstnarar, alle frå Atelier Dora i Trondheim. Dermed er den variert og byr på noko for ein kvar smak.

IMGP7290.JPG
Kunstnarane er frå høgre: Hilde Karlsen, Emmy Myklebust, Marit Lehto Lehn, Grethe By Rise, Grete E.Gilstad og Kjersti Stokke.
Karin Remmen, Wenche Kystad og Halgerd S. Brobakke var ikkje til stades under opninga.

Desse 9 kunstnarane har felles arbeidsplass på Atelier Dora i Trondheim. Dei arbeider med ulike teknikkar, men hjelper og støtter kvarandre likevel.

Førjulsutstillinga på Rindal Skimuseum er open fredag 18-20, lørdag og søndag 12-17.

Camilla Løften og Hilde Karlsen.JPG
Ledaren i kunstlaget, Camilla Løften (t.v.), var svært fornøgd med oppmøtet. Her står ho i lag med Hilde Karlsen, som blir utstillar under Kulturvøkku 2019. Mellom dei ser vi bildet "Høst,"  og nedafor ser vi to akvarellar med vintermotiv, alle av Hilde Karlsen.
Ho gler seg til å komme tilbake til Rindal til sommaren og ha utstilling i Løsetlånna på Rindal Skimuseum.

IMGP7295.JPG

Marit Lehto Lehn.JPG
Marit Lehto Lehn hadde mellom anna dess to bilda, teknikk: mixed media på lerret.

IMGP7293.JPG
Kreativ bruk av inventar i utstillinga! Stolane står oppe på eit bord. Dette er akrylbilde av Kjersti Stokke

IMGP7292.JPG
Grethe By Rise hadde mellom anna desse muntre bilda.

IMGP7281.JPG
Kunstlaget var godt fornøgd med frammøtet, men håper mange stikk innom dei dagane utstillinga er open - fram til søndag.