Kunst b Connie H og Reidar Ø

Kunst med foto og fele

Når ein kunstnar brukar kamera, kan biletet bli meir enn eit foto. Når ein dyktig musikar trakterer fela, kan tonar bli kunst. Dette opplevde folk da biletkunstnar Reidar Østvik og spellmann Torgeir Leivdal var gjestar hos Bøfjorden Historielag søndag.

Ingressfoto: Sekvensen «Ballett» uttrykkjer verdien av bevegelse – noko Østvik takkar fysioterapeut Connie Hübner for.
 

Østvik viste og kåserte om eit utvalg av sine foto. Alle med utsøkte motiv gruppert i kategoriar. Meir eller mindre er bileta behandla digitalt og såleis gitt nye uttrykk.

Hans merknader om tanken bak bileta viste sterk personleg innleving i kvart motiv. Måten han formidla dette på, stimulerte til ny oppleving av «det vanlege» og gav somtid det enkle ein ny dimensjon.

–​ For eit tre i skogen er ikkje berre eit tre, sa han.

Slik let han ei nedramla furu fortelje noko om livets forgjengeleghet og ei gul blomstereng symbolisere lyset og livsgleda.

«Ballett»

Siste biletgruppa – «Ballett» - gjorde særleg inntrykk ved at Østvik nemnte kva bevegelse har betydd for hans eiga rehabilitering som slagpasient. Her framheva han også fysioterpeut Connie Hübner og hennar hjelp i denne fasen av livet.

Ballett kan samtidig vera stikkord for dei musikalske innslaga i programmet. Torgeir Leivdal fylte salen med dansande strengespel. Hans klangfulle felestrøk og stilsikre tolking av slåttar frå Bergsøya og Østviks si heimbygd Todalen vart fin innramming av bileta.


Tonekunst

Leivdal hadde også muntre og informative merknader til slåttane. Via Harald Aspen har han tileigna seg eit rikt materiale frå Bergsøya. Før Krifast var dette eit særeige bygdesamfunn med feler i kvart eit hus og med slåttestoff som like gjerne kom frå Sverige og Gudbrandsdalen som frå notar på ei trefjøl nede i naustet!

Gjennom Sankthansvals og reinlenderar let Leivdal spellmenn som Johannes og Alexander Brandvik få tone på nytt. Og sjølsagt klang todalsmusikk etter Hallvard Ørsal og Gammel-Sagjin ut i museumssalen i Bøfjorden.

Kunst a Reidar Ø.jpg
Eit «vanleg» fotoblikk ned i elvavatnet kan hos Østvik bli utvikla slik som dette.​

Kunst c Torgeir.jpg
Torgeir Leivdal serverte lokal og uttrykksfull tonekunst på fela.
 

Tekst/foto: Bernt G. Bøe.

Bøfjorden Historielag er medlem av Trollheimsporten.