IMGP5504-001

Kultursøndag i Bøfjorden

Denne søndagen var det friluftsmesse med barnedåp ved Bøkleppnausta og opning av sesongen på Sjøbruksmuséet i Bøfjorden med kåseri og matsalg, og framvising av modell av Shetlansskøyta Arthur.

Strandmesse 2018 06 17 Bøkleppnausta d Foto Randi Bøe_690x482.jpg

Friluftsgudstenesta er ein årleg tradisjon, og den er oftast ved Bøkleppnausta. Einy R. Elgsæther steppa inn som vikar for sokneprest Kristin Strand som var sjuk. Soknerådet med Gunda Bele i spissen, hadde tilrettelagt «arenaen» med altar laga av to laksenotkaggar med not som altarduk.

Bøfjorden Sjøbruksmuseum vart starta i 1995, da Bøfjorden Historielag vart stifta og tok over ungdomshuset Bygdevangen. Sjøbruk var "mangelvare" på lokale museum, og utstyr har strømma inn.

Bøfjorden Historielag har ei ambisiøs målsetting, nemleg å ha temadagar kvar søndag frå juni til september! Da er det kaffeservering og kåseri. Dette har vore gjennomført heile tida (no i 24. sesong; dvs ca 350 samlingar, og snittbesøket er på ca 60. Det er bra i ei bygd med 300 innbyggarar.

IMGP5503.JPG
Bernt G. Bøe leda samlinga i Sjøbruksmuseet.

IMGP5519.JPG

Kåseriet opningsdagen var ved Einar Oterholm (over), som presenterte det nye bokprosjektet sitt «Halsa vidaregåande skule.»

Oterholm tok oss med gjennom historia til dei praktiske skulane som landbruks-, husstell- og husflidsskulane med særleg vekt på området vårt

Amtskule

Det var landbruksundervisninga som var først ute, alt i 1825. Så fekk vi folkehøgskulane og amtskulane. Nordmøre Amtskule kom igang skuleåret 1879/80 og flytta rundt på Nordmøre fram til 1897. Da vedtok amtstinget at amtskulen skulle vere fast, og det var berre Tingvoll som tok imot tilbudet om å huse den.

Vi fekk da amtskule for Nordmøre på garden Bakkain på Gyl i Tingvoll.

Husmorskule

I 1908 vedtok Stortinget reglar for husmorskular, og frå 1910 var det årlege husmorkurs ved Nordmøre Amtskule.

I 1937 vedtok fylkestinget at det skulle etablerast ein husmorskule i kvart av dei tre fogderia. Lokaliseringa på Nordmøre vart Megarden i Halsa. Det var husmorskule i Halsa til 1971. Så vart det nokre år med fagskule i husstell

Utviklinga av skulesystemet følgjer utviklinga i samfunnet elles. Vi fekk lov om sjuårig folkeskule i 1889, og den vart revidert i 1936. Med felles lov for folkeskulen i 1959 vart det opna for 9-årig grunnskule, og frå 1969 vart det obligatorisk 9-årig grunnskule.

Husmorskulane var først retta mot dei som skulle bli gardkjerringar, så utvida til dei som skulle vere heimeverande husmødre, og så som eit grunnlag for yrkesutdanning. Først galdt det behova til heimane, så vart det ei opning for utdanning og løna arbeid.

Fagskule

Neste steget vart fagskule i husstell med kurs for elevar slik som før, men både heilårskurs for yngre elevar og halvårlege påbyggingskurs. Kursa kunne då gje både fagkompetanse og lønsfordelar.

Vidaregåande skule

Lov om vidaregåande opplæring kom i 1976. Fagskulane kom inn under den, og vi fekk Halsa vidaregåande skule med grunnkurs og fagdel, ja også med mulegheit til påbygging for å få studiekompetanse. I 1994 var det raudruss i Halsa. Denne skuleordninga varte frå hausten 1977 i Halsa.

Da var det mellom anna vevkurs, som gjekk over til Teikning, form og farge. Det vart bygd internat i 1993. 31 einmannshyblar med eige dusj og WC.. Seinare kom kokkeutdanninga, som til og med hadde fransk på timeplanen!

Elevtalet desse åra varierte frå under 40 til over 80. Siste året var det 67 elevar.

Økonomien til Møre og Romsdal Fylkeskommune skranta, for Staten reduserte overføringane. Økonomien ved Halsa vgs vart dårleg med synkande elevtal og skulen vart til slutt nedlagt i 2001. Etter den tid brann internatet ned, og det er slutt på historia til Halsa vidaregåande skule.

Boka kjem til hausten.

IMGP5521.JPG
Shetlandsskøyta "Arthur" var bygd i 1897, 54 fot lang og hadde ein  Brunvollmotor.

Shetlandsskøyta "Arthur"

Under siste krigen hadde den kjente Shetlands-Larsen ei skøyte som bar namnet "Arthur." Den vart bruka under forsøket på sabotasje av "Tirpitz" i Trondheimsfjorden, men aksjonen vart misslukka. Skøyta vart senka i Trondheimsfjorden, men tatt opp igjen seinere av tyskarane. Etter krigen vart den ombygd og gjorde nytte for seg til den vart seinka i Voldafjorden 1986.

IMGP5511.JPG
Frå venstre: Lars Gudmund Røen, Jon Storløkken, Gunnar Strand og Gunnvald Bøe

Gunnar Strand har fått tak i eit byggesett av denne skøyta og sett det saman, og fleire har interessert seg for historia omkring denne båten. Det kjem kanskje Sjøbruksmuseet tilbake til seinare.

IMGP5522.JPG