Kultursamarbeidet Sunndal - Surnadal bør kunne styrkast!

O.M.Ansnes 2020 foto helene nergård (1).jpg

Kultursamarbeidet Sunndal – Surnadal burde kunne styrkast, understreka surndalingen Ole Magne Ansnes som no har budd 20 år i Sunndal, og vore kulturleiar der i mange år. På møtet i Indre Nordmøre Senioruniversitet 22. januar viste han bilde frå familie, fjellturar og interesser, m.a. reiseverksemda han og kona driv til Liverpool og andre stader rundt om i Europa.

Men først og fremst gav han eit fascinerande innblikk i den mangfoldige kulturaktiviteten han var leiar av i Sunndal, etter at han først hadde vore redaktør av avisa «Driva» i 8 år.

Sunndal er ein god kulturkommune, med 29 tilsette i kulturavdelinga, ei budsjettramme på vel 17 millionar, tydelege politiske prioriteringar, og gode rammevilkår. Men samtidig er samfunnskrafta i kulturlivet stor, og det er enda mykje som kunne vore styrkt, ikkje minst i tilknytning til det næringssamarbeidet som alt er godt etablert mellom Sunndal og Surnadal. Og Ansnes meinte at på enkelte område har Surnadal mykje å tilføre, m.a. når det gjeld viljen og evna til frivillig innsats, slik t.d. folkefesten Vårsøghelga utfaldar seg. Kulturkunnskap over kommunegrensene vil kunne styrke utviklingsarbeidet og gi både kreative og økonomiske gevinstar.

På møtet kom det fram tydeleg ønske om å undersøke om ikkje også senioruniversitetet kunne etablere eit samarbeid mot Sunndal, som ikkje har ein slik aktivitet, og dette ville Ansnes formidle vidare til eldrerådet i kommunen.

Innlegget vart avslutta med at Ansnes tok fram gitaren og presenterte 3 viser – og fekk vist at kultursjefen ikkje berre var ein dyktig administrator, men og ein praktisk utøvar innanfor kulturfeltet.


Årsmøte

Etterpå vart det gjennomført eit kort årsmøte. Helene Nergård og Eivind Hasle gjekk no ut av styret, etter å ha vore med heilt sidan starten i 2011. Ny leiar vart Einar Oterholm, og dei andre i styret er Marie Drøivoldsmo, Kjellaug Foseide, Grete Snoen, Rolf Arne Berg, med Nordvald Bondhus og Elisabeth Moen som varamedlemmar.

Første aktivitet for det nye styret er den fullteikna operaturen laget skal ha til Kristiansund 6.februar, med 40 deltakarar. Og seinare i vår blir det m.a. eit revymøte, om revytradisjonane og revyhistoria i Surnadal.

EHA - skrivar