TP logo

Kul Kulturskule

At det går an - ?! Tenkjer eg, der eg går mellom kunstverka som elevane har laga og stilt ut i Rindalshuset, - det vere seg både bilete og dokker. Så kreativt ,så fint, så artig. Det skriv Lene Gåsvatn i dette lesarbrevet til Trollheimsporten - som du også finner på leserinnlegg.

Finare velkomst kunne me neppe fått, me som kom til framsyning og konsert torsdag den 27. Visste vel eg at kulturskuleelevane har laga fleire animasjonsfilmar med både humoristisk og lokalt tilsnitt? Ikkje før konserten, nei. Og så var det musikken, - med sitt vide spenn frå det klassiske på piano til det noko meir rocka og sprudlande samspelet. Tusen takk! Og altfor stivkulturelt blir det heller ikkje med ein konferansier som korkje tek seg sjølv eller lærarane sine alfor høgtideleg. De er berre god-. Lene Gåsvatn