Kristian sjarmerte på kulturkveld

Torsdag kveld arrangerte Surnadal Heimbyglag "Kultursjå" i Svorkasalen på kulturhuset. Eit variert program innheldt mellom anna ei framføring av dialekter, presentert av Kristian Krubel Djupnes som er kjent frå TV-serien "Farmen" på TV2. 

Surnadal Heimbygdlag hadde sett saman ein flott kulturkveld, som bestod av både dans, musikk og ymse foredrag. Svein Sæter leia forsamlinga gjennom kvelden, og det heile starta med at utflytta surnadaling Sigurd Brørs framførte tre songar frå albumet "Pappapop" som kjem neste år. Sigurd og sambuar Guri Botheim har ei jente på snart eitt år, som har inspirert han til å lage ny musikk. Songane handlar stort sett om fødsel, familielivet og papparollen, og har ofte ein humoristisk vri. Under torsdagens "Kultursjå" fekk han overrekt ein gåvesjekk på 20 000 kroner frå Surnadal Heimbygdlag og Surnadal Sparebank. 

sigurd brørs familie sjekk.jpg

Einar Oterholm fortalte historia om Nordmøre Husmorskule som no er å finne i bokform. Oterholm er svært kunnskapsrik, og formidla historia på utmerket vis - både via forteljingar og bilder. 

Surnadal har eit stort mangfold når det kjem til ulike kulturar. Dei mange frammøtte på torsdagens kulturkveld fekk sjå eit eksempel på det med ei flott danseoppvisning framført av Amin Jan og Rais Khan Tanha frå Afhanistan.

Nathan Lediard er ein godt kjent fotograf ikkje berre her i distriktet, men over det ganske land. Han gjer seg bemerka med fantastiske bilete av alt frå babyer, konfirmantar, bryllaup og i kommersielle samanhengar. Torsdag viste han fram eit utval av sine bileter og fortalte litt om seg sjølv om arbeidet sitt. Nathan Lediard er frå England, men har så lenge han har budd i Noreg nytta nynorsk som sitt hovudmål. Det sett Surnadal Heimbygdlag stor pris på, og Lediard fekk torsdag kveld tildelt målprisen for 2017 for sin bruk av språket. Les meir om det her. 

nathan lediard trygve roaldset målprisvinnar_690x561.jpg

Kristian Krubel Djupnes er for mange kjent frå TV2-serien "Farmen". I skrivande stund er det sju deltakarar igjen, og svært mange har Kristian som sin favoritt. 22-åringen har slekta si på Røv i Surnadal, er fast gjest i Vindøldalen kvar påske og er i bygda med jamne mellomrom. Trollheimsporten hadde eit større intervju med Kristian tidlegare i haust. Det kan du lese meir om her.

Torsdag var han først gjest under Landbrukskonferansen i Storstuå, før han deltok på "Kultursjå" seinare på kvelden. Djupnes er ein kløppar på dialekt og har eit uvanleg godt språkøyre. Det fekk han vise fram med sin demontrasjon av ulike dialektar, der han sjølvsagt òg er innom surnadalsdialekta. Sjå filmklipp nederst i saka. Saman med Sigurd Brørs fekk han æra av å avslutte kulturkvelden med å framføre "Vårsøg". 

- Eg har hatt ein flott dag i Surnadal med mange interessante tema og foredrag gjennom heile dagen. Eg likar godt å høyre om landbruk og lokalhistorie, så dette har vore midt i blinken for meg. Historia om husmorskulen på Halsa var veldig interessant, sier Kristian som til dagleg arbeider som avløysar på Gjøvik.

Kvifor likar du deg så godt i Surnadal?

- Det er så fint her! Flott natur, trivelege folk, ein flott jordbrukskommune og ikkje minst ei artig dialekt, smiler han.

Kristian har nesten over natta fått eit kjent fjes som "alle" kjenner igjen, og må finne seg i å vere midtpunktet. Det er han ikkje så begeistra for.

- Eg er ikkje så oppmerksemdsjuk av meg, men eg toler det godt. Det er berre koseleg når ungane vil ta ein "selfie", men det er sjølvsagt litt uvant. Eg er berre ein heilt vanleg gut, sier han.

Fredag reiser han tilbake til Gjøvik kor det han likar aller best ventar på han. 

- I helga har eg ansvaret for eit fjøs, så da er det tilbake til kvardagen igjen, smiler han.

kristian krubel djupnes trygve roaldset_690x470.jpg
Kristan Djupnes saman med leiar i Surnadal Heimbygdlag, Trygve Roaldset.

 

sigurd brørs liv dalsegg trygve roaldset
Sigurd Brørs, Liv Dalsegg og Trygve Roaldset
sigurd brørs
Sigurd Brørs
einar oterholm
Einar Oterholm