Lilly Gunn og SolvikOlsen

Krever møte med samferdselsministeren

Møre og Romsdals representant i Nasjonal rassikringsgruppe, Lilly Gunn Nyheim, sendte mandag ut pressemelding i forbindelse med skredet som gikk i Hordaland søndag ettermiddag. Her kan du lese meldingen hvor det kreves rassikringsarbeid.

Arbeidet med rassikring må forserast

I går skjedde det igjen. 4 bilar vart tekne av skred, 11 personar var i livsfare, og nok ein gong var marginane på rett side slik at alle dei involverte slapp frå hendinga i live. Denne gongen var det eit 50 meter langt snøskred med ei høgde på to meter tettpakka snø, som trefte køyretya på hovudvegsambandet nord-sør langs Vestlandet, Europaveg 39.

Gjentekne gonger har hovudvegsambanda E39, E16 og E6 vorte stengde grunna ras og rasfare dei siste åra, ofte i lange periodar. Dette skapar store vanskar for transportnæringa, for verksemder, for kollektivtrafikken og for folk flest. Økonomisk kan dette kan målast i auka kostnader og tapt verdiskaping.

Redsla og uroa over å vere nøydd å ferdast langs desse rasutsette vegstrekningane derimot, kan ikkje målast økonomisk. Redsla og uroa finn ein i redusert livskvalitet for alle dei som må bu og leve med skredfaren. Dei vegfarande skal kunne ha tillit til at det offentlege vegnettet er trygt å ferdast på.  Derfor må arbeidet med skredsikring forserast, noko anna er uakseptabelt.

I går var i heldige igjen. Dei ørsmå marginane spelte nok ein gong på lag, men vi veit alle at slike ras kan få dramatiske konsekvensar. Vi kan ikkje setje vår lit til marginar. Rassikring er eit nasjonalt ansvar og vi det vi må kunne setje lit til er forserte løyvingar.

Den nasjonale rassikringsgruppa har satt eit tålmodig og nøkternt mål om at det offentlege vegnettet skal vere sikra mot ras innan 2030. Sjølv om merksemda vedr. rasproblematikken har auka dei seinare åra, vil ein ikkje nå dette målet med dagens løyvingstakt.

Den Nasjonale rassikringsgruppa ber derfor om eit snarleg møte med samferdslestatsråd Solvik-Olsen for å forsikre oss om at målsettinga vert innarbeidd i arbeidet med ny Nasjonal Transportplan. 

 

For mer informasjon, kontakt: Lilly Gunn Nyheim, Møre og Romsdal sin representant i Nasjonal rassikringsgruppe, på telefon 48 15 66 09. Se også www.skredsikring.no for generell informasjon om Nasjonal rassikringsgruppe, inkludert oversikt over andre fylkesrepresentanter i gruppa som også kan kontaktes.

 

Foto: Lilly Gunn Nyheim og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen v/ Lilly Gunn Nyheim.