SuSu-gjengen 1 2000

Kraftig nedgang sidan mars: Over 100 færre permitterte i Surnadal

Det viser ei fersk bedriftsundersøking, som SuSu-administrasjonen la fram onsdag. Kommunalsjef for næring og utvikling, Karin Halle, ser positivt på utviklinga, og oppmodar folk til å ha lokale aktørar i tankane når årets sommarferie skal planleggast.

Ingressfoto: SuSu-administrasjonen inviterte onsdag til pressetreff på Svinvik Gard. Der la dei fram resultata frå ei fersk kartleggingsundersøking av korleis situasjonen for lokale bedrifter har utvikla seg under koronapandemien. Frå venstre: Harald Bredesen, Karin Halle, Kim Stian Bråstad, Anne Gulla Hagen, Per Helge Malvik og Mette Sæter Ormset.

Heilt i slutten av mars gjennomførte SuSu-programmet ei nettbasert kartleggingsundersøking blant bedrifter i Surnadal og Sunndal. Målet med undersøkinga var å få kunnskap om korleis situasjonen var for lokalt næringsliv, som følgje av den pågåande koronapandemien.

Måndag 18. mai følgde SuSu opp med ei ny kartlegging. På denne måten fekk dei informasjon om utviklinga hos bedriftene, og samtidig sjå om regjeringa sine tiltakspakkar har hatt særleg effekt.

Under eit pressetreff på Svinvik Gard onsdag, la SuSu-administrasjonen fram funna frå undersøkinga, som mellom anna altså viste at talet på permitterte i bedriftene har gått klart ned sidan slutten av mars.

Kommunalsjef for næring og utvikling i Surnadal kommune, Karin Halle, meiner undersøkinga i grove trekk viser at det går bra med bedriftene på Indre Nordmøre. Det trur ho skuldast fleire faktorar.

– Det viser seg i alle tider at bedriftene på Indre Nordmøre ikkje er like konjunkturavhengige som på ytre eller i andre deler av fylket. Vi har solide bedrifter, som ikkje har dei same, store oppturane og nedturane. Dei tilsette er og i stor grad både stabile og lojale, seier ho.

Halle peikar på reiselivsnæringa som den bransjen som slit mest på grunn av koronapandemien.

– Det er dessverre nokre bransjar som er tyngre ramma, og sidan vi ikkje veit korleis sommaren og hausten blir, er det mykje usikkerheit innan reiselivsbransjen.

Prosjektleiar Mette Sæter Ormset i Sunndal næringsselskap jobbar mykje med reiseliv, og bekreftar Halle sine vurderingar.

– Dei aller fleste reiselivsbedriftene i regionen vår er ramma på ein eller annan måte. Enkelte har heilt bortfall av inntekter, og det er snakk om millionar av kroner dei har gått glipp av.

I og med at koronarestriksjonane gjer at utanlandsreiser ikkje er eit alternativ i samband med sommarferien i år, er stadig fleire på utkikk etter mulegheiter for fine ferieopplevingar lokalt og nasjonalt.

Sjølv om dette er positivt for lokale reiselivsbedrifter, fortel Sæter Ormset at få bestiller rom, bord eller opplevingar i god tid på førehand.

– Dei fleste tenkjer ferie i Noreg, men dei fleste tek turane på sparket. I tillegg er mange ute etter gratis opplevingar, som turar og liknande. Få førehandsbestillingar gjer at aktørane våre er veldig spente på kva sommaren vil bringe, seier ho.

Karin Halle peikar på at politikarane i begge SuSu-kommunane har bevilga pengar som skal hjelpe bedriftene gjennom ei vanskeleg tid.

– Det er berre å søke. Ta kontakt dersom vi kan hjelpe til, så prøvar vi å finne gode løysingar saman, seier ho, og får støtte frå Per Helge Malvik, dagleg leiar i Sunndal Næringsselskap:

– Eg trur SuSu-programmet har skapa eit engasjement for næringsutvikling. Det er nesten unikt at dei to kommunene er så framoverlente for å hjelpe næringslivet i ein vanskelig situasjon.

Halle kjem så med ei klar oppmoding til folket:

– Handle lokalt, ver turist i ditt eige lokalmiljø. Alle nordmøringar bør bruke det lokale aktivitetstilbodet, for ein kan få ein kjempespennande sommar dersom ein ser nytta av å bruke det ein har rundt seg. Då støttar ein samtidig lokale bedrifter.

Mette Sæter Ormset skyt inn:

– Det å ta ferien i lokalområdet er jo både lurt og viktig også av smittevernomsyn.


203 heilt eller delvis arbeidsledige

62 bedrifter og verksemder i Surnadal har svara på SuSu si siste undersøking. Berre tre prosent av dei oppgjev at dei har gjennomført oppseiingar, medan to prosent svara at dei har planer om det.

Per i dag er 203 personar heilt eller delvis arbeidsledige i Surnadal, medan talet var på over 300 før dei mest omfattande koronarestriksjonane vart iverksett 13. mars.

– Arbeidsløysa er på 4,2 prosent i Surnadal, og det er under landssnittet. Så folk er i stor grad tilbake på jobb hos oss, seier Halle. Ho fortel at talet var på litt over 40 heilt eller delvis arbeidsledige før koronakrisa.

– Allereie i mars såg det ut som om få kom til å bli oppsagt i vår region, og det gjeld framleis, seier dagleg leiar i Sunndal Næringsselskap, Per Helge Malvik.

Han tok dei frammøtte gjennom resultata frå undersøkinga, og delte samtidig ut ros til det fokuset dei to kommunene har hatt på næringslivet etter at pandemien kom.

– Kommunene har vore veldig opptekne av kva som skjer med næringslivet vårt i koronakrisa. Politikarar på begge sider har bevilga ein million kroner ekstra for å hjelpe, og det er stor vilje til å hjelpe dei bedriftene som treng mest.

Malvik slo fast at undersøkinga er eit viktig grunnlag for å tildele desse midlane til dei som er hardast ramma av pandemien og restriksjonane som følgjer med. Han avslørte og at det vert jobba med å få tak i midlar frå andre delar av støtteordningsapparatet.

– Ja, vi er optimistiske til at vi skal klare å få tak i midlar som kan matche dei midlane politikarane har vedteke å bevilge.

Han var samtidig klar på at regjeringa sine tiltakspakkar så langt ikkje treff bedriftene på Indre Nordmøre spesielt godt.

– Tala frå undersøkinga, viser at berre 15 prosent av bedriftene har søkt om- og fått kontantstøtte. Dei vurderer betydninga av myndigheitene sine tiltakspakkar for bedrifter i Surnadal og Sunndal som relativt liten. Dette, kor godt dei treff næringslivet vårt, bør staten sjekke, slik vi no har gjort med denne undersøkinga.

Malvik legg til:

– Vi håpar og trur at talet vert høgare enn 15 prosent når vi får med kven som får støtte for april og mai, desse tala gjeld per no berre dei som fekk kontantstøtte for mars.

SuSu-gjengen 2 690.jpg
Karin Halle (f.v.), Anne Gulla Hagen, Harald Bredesen, Mette Sæter Ormset, Per Helge Malvik og Kim Stian Bråstad.
 

Fleire positive tendensar i Surnadal

Kim Stian Bråstad i Sunndal Næringsselskap fortalte om prosjektet SMB Vekst, som starta opp før koronaen slo til med full styrke. Der deltok 20 lokale bedrifter i eit forstudie, og 13 av bedriftene har no teke steget vidare frå forprosjekt til hovudprosjekt – samfinansiert av SuSu, Innovasjon Norge og bedriftene sjølve.

SuSu-administrasjonen er glade for at så mange små og mellomstore bedrifter har konkrete utviklingsprosjekt dei ønskjer å ta vidare, for å til dømes søke inn mot marknader med mål om vekst.

– Det viser at vi har bedrifter her i regionen som vil skape noko nytt, seier Malvik, og får støtte av Harald Bredesen frå Surnadal kommune:

– Ja, her har vi bedrifter som vil noko.

Næringskonsulent Bredesen peikar på to kommunale byggeprosjekt som positive for lokal verdiskaping framover.

– Det å bruke lokale entreprenørar og andre aktørar er viktig i den situasjonen vi er i, og slik sett vart timinga ganske perfekt på nyskulen på Øye og nye omsorgsbustader. Der vart henhaldsvis Consto og Vibo, begge lokale aktørar, valt som entreprenørar. I tillegg veit vi at desse gjerne brukar lokale underentreprenørar.

28. mai kjem den nyaste utgåva av Surnadalsmagasinet, om- og med bidrag frå lokale bedrifter, og trass koronasituasjonen meiner Halle og Bredesen at situasjonen i Surnadal ser relativt lys ut.

– Det vi ser frå første undersøking og til no, er at dei som er permitterte i stor grad er- eller på vei tilbake i jobb, og at nesten ingen har blitt sagt opp. Bedriftene oppgjev at dei har midlar til å betale rekningar og feriepengar, seier Halle, og legg til:

– Vi har allereie gjennomført dei første tildelingane av den ekstra millionen politikarane i Surnadal vedtok, og dei har gjort romslege vurderingar, så all honnør til dei.

Halle får støtte frå økonomileiar Anne Gulla Hagen i Sunndal næringsselskap, med tanke på situasjonen i Surnadal.

– Det er 32-33 ledige stillingar i Surnadal, mot ni ledige i Sunndal. Så det er veldig bra med ledige stillingar i Surnadal, og tydeleg stor etterspurnad etter arbeidskraft i lokalsamfunnet, seier ho.

Per Helge Malvik slår eit slag for vidare samarbeid mellom Surnadal og Sunndal, og som eit steg på vegen; Todalsfjordprosjektet.

– Vi har eit bortimot gryteklart samarbeidsprosjekt i Todalsfjordprosjektet, som vi må løfte fram. Med heile det lokale næringslivet i ryggen er dette tida for å prioritere det. Då kan vi bygge Surnadal og Sunndal saman, som ein god arbeidsregion.

 

Andre konkrete tal frå undersøkinga, der 62 surnadalsbedrifter har svara:

  • 8 % av surnadalsbedriftene som har svara meiner det er reell risiko for konkurs. 15 % er usikre.
  • 10 % av surnadalsbedriftene som har svara manglar pengar til å betale rekningar som forfell om kort tid. 18 % er usikre.
  • 40 % av surnadalsbedriftene som har svara oppgjev at dei har hatt drift som «normalt» i samband med koronasituasjonen. 35 % melder om redusert drift og omsetning, 13 % om at dei har måtta stenge på grunn av pålegg frå myndigheitene. 6 % melder om auka omsetning, medan dei siste 5 prosenta har valt svaralternativet «Annet».