sskardkoret

Ã…sskardkoret vann publikumsprisen!

Korslaget 2010

Banksjef Troelsen i Surnadal Sparebank var mesta rørt når han skulle takke alle aktørane som gjorde Korslaget 2010 til ein suksess! Idrettshallen er heilt full - mange måtte snu ved inngangen! Stemninga under konserten/konkurransen var det heller ikkje noko å seie på.

Og slik ser resultatet ut:

Kora hadde sjølv stemt på sin favoritt: Det vart Bøgdeungdommen!

Juryen, Liv Dalsegg, Maret Heggset og opphavsmannen, Palmer Vikan kom fram til at favoritten deira var Feltkoret!

Hovedvinnarkoret, som vann sms-avstemninga vart Åsskardkoret!

Trollheimsporten har mellom anna skrive dette og dette om Korslaget tidlegare.

 

Åsskardkoret framførte "Lean on me" og "Here I go again". Korleiar er Mona Rønning og musikalsk leiar Hanne Bæverfjord.

Bøgdakoret var først ute med korleiar Silje Ranes, musikalsk leiar Brage Kristian Einum/Sigrid Bøe, og med "Can you feel the love tonight"

Konferansiere er Eva Ness og Stian Hovland Pedersen.

Troelsen hadde aldri trudd at dette skulle bli så stort arrangement. Det hadde nok ikkje Palmer Vikan heller da han forslo at banken kunne arrangere ein slik konkurranse!

 

 

 

 Stemninga i salen var stor under heile konserten, noko både kora og koferansierane bidrog til.

Juryledar Palmer Vikan t.v. var den som hadde ideen til dette korslaget!
Her med representantar for Åsskardkoret som tok imot hovedpremien. Dei to andre vinnarlaga fekk også kvar sin gavesjekk, ein gave som dei gir vidare til eit godt formål.

 Klikk på bilda nedafor for å sjå dei større og som bildeserie!

       

 

IMGP0942-1
Sentrumskoret
Feltkoret
Feltkoret
Stangvik-Kvanne-Todal
Stangvil/Kvanne/Todal
Fjordkoret
Fjordkoret
Heimattkoret1
Heimattkoret
B›gdeungdommen 2
Bøgdeungdommen