Korpris_2011_utdeling_350x157

Korprisen 2011 til Henning Sommerro

Korprisen 2011 vart laurdag 4. juni tildelt Henning Sommerro for surnadalingen sin imponerande og mangeårige innsats som komponist med ei rekkje verdfulle bidrag til korlitteraturen. Det var president i Norges Korforbund, Svend-Ola Hådi, og generalsekretær Cathrine Schumann som offentleggjorde årets vinnar under festmiddagen på Landsfestivalen for kor 2011 i Stokke i Vestfold.

I grunngjevinga heiter det m.a.: "Årets vinner er en komponist med en lang og innholdsrik karriere bak seg og er fremdeles usedvanlig produktiv som komponist innenfor et vidt spekter av musikksjangre. Han møter gjerne korene, og deltar ofte på konserter som sanger og akkompagnatør."

Henning Sommerro var sjølv til stades og helste til dei 1000 deltakarane på landsfestivalen og korforbundet. Han var svært glad over å få tildelt Korprisen 2011 og heldt takketale i form av stev og improvisasjon.

Om Korprisen: I 2002 tok Norges Korforbund initiativ til ein årleg pris som skal heidre personar eller ensembler som har markert seg sterkt innanfor korsongen. Korprisen skal gje inspirasjon til fagleg utvikling, til utvikling av korlitteratur av høg kvalitet og til auka aktivitet innanfor korfeltet. Vidare skal korprisen medverke til å setje søkjelyset på korsangen si tyding for samfunnet, nasjonalt og internasjonalt.

(Foto: Roar Barros-Ødegård/kor.no)