tp_leserinnlegg

Kor elendig må ein vere for å få sjukeheimsplass?

Ikkje alle som søkjer om det kan rekne med å bli tildelt ein sjukeheimsplass. Ein del slike søknader blir avslått. Personar som får avslått sine søknader om sjukeheimsplass blir ikkje registrerte på ventelister.

Den første nasjonale oversikta over personar som har fått ja til sjukeheimsplass, men som framleis står i kø, viser at 1.420 personar står på venteliste. 44 prosent av landet sine kommunar har personar på venteliste til langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad viser tal kommunane har rapportert til Helsedirektoratet per 15. april i år.

Personar på venteliste er slike som oppfyller kommunane sine kriterier for langtidsopphald, men som med forsvarlege tenester kan bu i eigen heim eller kan ta mot andre tenester.

Det kan vere trist for sjuke eldre som er på korttidsopphald ved sjukeheimen å måtte reise tilbake til eigen heim når vedkomande sterkt ønskjer å framleis kunne vere ved institusjonen. Gråtande eldre som må reise heim mot sin eigen vilje kan ikkje ha det bra. Terskelen for å få plass ved ein sjukeheim bør ikkje bli for høg. Ein må og tenkje på dei pårørande sin situasjon i slike tilfelle.

I tida framover er det god grunn til å tru at kampen om institusjonsplassane vil hardne til. Talet på eldre over 80 år vil auke sterkt i mange kommunar. Slik er det og i min heimekommune Surnadal. Framskrivingstala frå SSB talar sitt tydelege språk i så måte.

Kommunane må ikkje i iveren etter å vri eldreomsorga over frå institusjonsbasert til heimebasert omsorg gå for fort fram. Vi vil i framtida få behov for sjukeheimsplassar til dei mest pleie- og omsorgstrengande eldre. Vi ser allereie i dag kommunar som leiger sjukeheimsplassar i andre kommunar. Av og til kan dette vere stadar langt i frå heimstaden til den pleie- og omsorgstrengande eldre personen. I Tidens Krav av 30. april (s.9) kan ein i eit lesarinnlegg lese om ein sjukeheimspasient frå Kristiansund som har fått sjukeheimsplass i Sunndal. Dette medfører at dei pårørande må køyre meir enn 120 mil for å sjå til pasienten, heiter det i lesarinnlegget. Rett avstand må vel vere om lag 12 mil eller 120 kilometer. Her har det nok blitt ein feil, men langt er det likevel.

Det faktum at andelen av demente vil auke ved at vi får fleire eldre i høgare alder gjer at presset på sjukeheimsplassar vil bli større i åra framover. For strenge kriteriar og praksis ved tildeling av sjukeheimsplassar i en slik situasjon er ikkje vegen å gå, etter mi meining.

 

Johs. J. Vaag