Konsert med ny

Konsert med ny dimensjon

Det var ein ny konsertdimensjon vi opplevde i Stangvik-kyrkja laurdag. Musikk, tekst og drama frå ulike operaer smelta saman til ei uvanleg sterk - gudstenesteleg - oppleving.

Først ein tilståelse. Tittelen «Opera i kirken» vekte tvil: Enda eit show med kyrkjerommet som stemningsfullt og billeg lokale? Den tvilen vart grundig gjort til skamme.

Nemleg: Genialt har Trond Halstein Moe regissert utdrag frå fem ulike operaer til eitt, heilskapt «verk» - med kampen mellom det vonde og det gode som tema. Eit verk som måtte utfalde seg i liturgiens rom. Det kunne likna ein karikatur på vanleg scene.

Menneskets heile vesen fekk uttrykk – lengsel, kjærleik, sjalusi, freisting, grådighet, utpønska vondskap, tvil, bøn, andakt, høgtid, dans, håp, trøst - og tru. Gjennom det heile ein musikalsk og kunstnarleg nerve som engasjerte i stigande grad frå første til siste akkord.

Kampen liv - fortapelse kom ekstra tydeleg fram gjennom (stort sett) norsk tekst. Uansett ville den vakre og dramatiske musikken ha understreka det innhaldsmessige og lagt si ordlause tolking over det heile.

Som solist personifiserte Trond Halstein Moe «Den vonde» med veldig scenisk og vokal kraft. Henrik Engelsvikens store tenorstemme gav nyansar til eit vidt spekter av menneskelege kjensler i dramaets ulike faser. Sopranen Ann Helen Moen makta å formidle alt frå fortvilelse til seiersjubel med mimikk og stemmeglans av edlaste merke.

Koristane gav form til vårt felles uttrykksbehov – i noko av  liturgiens gjenkjennelege ramme. Bøn og andakt, håp og hymne fekk truverdig utforming. Veldig sterkt som påskekor og som pilegrimar - i talande kostymer. Korleiar Elin Persson og hennar folk har jobba lenge og godt.

Dansegruppa tolka både lys og mørke overbevisande. Dei gav instrumentalmusikken «nytt» innhald – godt tilpassa det overordna innhaldet.

Lyskastarane sette ikkje «artistar i rampelyset» denne gong, men var ein integrert del av heilskapen. Dei skapte «glasmåleri» i taket og framheva det djevelske og det vakre. Aller sterkast kanskje da sopranen i sluttaktene gjekk ned midtgangen i påskemorgonens soloppgang under «Kristus er oppstanden» - etter at ho med å vise korset hadde vunne endeleg seier over Den Vonde.

Solistar, kor og dansarar bruka kyrkjerommet med god effekt. Imponerande av regissør og aktørar å utnytte Stangvik-kyrkja så maksimalt med minimal prøvetid.

Kort prøvetid hadde visst orkesteret og, men dirigent Michael Pavelich og Operaens Sinfonietta gjorde det meste heilt storarta. Og med ekte orgel (organist Rune Tylden) attåt vart kyrkjescenene frysande mektige.

Innvendingar er ubetydelege. Balansen kunne vore betre ved sopranens lågtonar. Intonasjonen - både instrumentalt og i koret – kunne også knipe litt. Og med så gjennomført scenografi burde koret kanskje ha sunge utan (synleg) dirigent – som ein må på operascenen.

Uansett: Dette var stort! Oppmøtet også bra. Men somme har bede meg skrive: Kvifor tek ikkje andre korsongarar imot slike opplevingar? Tja – sei det. Kanskje det unike særpreget denne gong ikkje var publisert godt nok? Kanskje for mange andre konsertar same dag? Kvar må jo velje kva ein vil tileigne seg. Likevel tør eg seie: Impulsar som dette utvidar kulturhorisonten langt meir enn musikk vi hører overalt elles.

Som «gammel organist» har eg opplevd mange konsertar – og gudstenester. Sjeldan har vitsen med «å gå i kyrkja» vore meir overbevisande enn denne gongen.
 

Bernt G. Bøe

 

Bildet over:

Etter ein unik konsert: Dansarar (framme) og dirigent, solistar og korleiar mottek ståande applaus.

(Foto: Randi Vetlester Bøe)