wok

Konsert i Øye kyrkje med vokalensemblet Wok

Torsdag 18. september kl. 19.30 er det duka for ein variert og spennande konsert i Øye kyrkje med vokalensemblet Wok som er tilknytta Sunndal kulturskole.

 

Dirigenten deira, Lone Eines, er sjølv solist og songpedagog, fortel at gruppa har 9 songarar som kjem frå heile landet og no busett i Sunndal.

Korgruppa øver alt utanat og er oppteken av ei levande musikkformidling, noko som har gjeve dei svært gode kritikkar og kjempegod respons frå publikum. Dei syng kjende melodiar som folk flest har høyrt før, men gjerne i eit nytt og spennande arrangement. Torsdag vil vi få høyre ein kjent bruramarsj, 2 salmar frå den nye salmeboka «Blå salme»av Erik Bye, arr. Henning Sommero. Folketonar  og songar frå den gamle skulesongboka, 3 kjende songar av Beatles og ein song av «The Real group».

 

Ei god blanding, med andre ord! Vokalensemblet skal ut på ein miniturne til helga der dei syng same programmet i Molde, Ålesund og Langevåg.

 

Øye og Ranes sokneråd vonar at riktig mange finn vegen til Øye kyrkje denne kvelden!

 

Plakat Øye 18.sept.2014-page0001_690x976.jpg