Tirsdag
Tirsdag Snø
Snø
Flau vind
Onsdag
Onsdag Delvis skyet
-4°
Delvis skyet
Flau vind

Kunstutstilling på Rindal Skimuseum

Knuste flasker, gras og kaffigrut blir kunst

Førjulsutstillinga til Rindal kunstlag opna på Rindal Skimuseum fredag kveld. I år er det glaskunst av Hilde Betten Pedersen og abstrakte akrylmaleri av Ann Kristin Helgetun du får sjå og kjøpe på utstillinga.

IMGP2062-001.JPG
Bildet over: Ann Kristin Helgetun, leder i kunstlaget Camilla Løften og Hilde Betten Pedersen.

Ann Kristin Helgetun drog fra Rindal for over 20 år sidan og har jobba med ei eller anna form for kunst heile tida, frå rosemaling mesta på heiltid i 10 år til abstrakt akryl det siste året.

- Det er stor stas å bli spurt om å stille ut her, sa Ann Kristin Helgetun.

I akrylbilda sine brukar ho mykje rart som ho blandar inn i malinga. Både gras, kaffegrut og mjøl er bruka i bilda ho stiller ut.

IMGP2052.JPG
Til dette haustbildet har Ann Kristin bruka det siste plengraset og sparkel i lag med akryl.

IMGP2065.JPG
Her er akrylen tilsett kaffigrut.​

Bilda til Ann Kristin Helgetun har ikkje namn, så her kan du oppleve og sjå det du ser.

2019-11-07 19.44.56.jpg

2019-11-07 19.45.17.jpg

IMGP2068.JPG

2019-11-07 19.56.51_690x920.jpg
Detalj som viser strukturen i bildet du skimtar lenger oppe.

IMGP2066.JPG

IMGP2064.JPG

Hilde Betten Pedersen har med seg glaskunst til utstillinga. Det er funksjonelle bruksgjenstandar og smykker. Ho brukar mykje resirkulert glas, brukte flasker, som sin innsats for miljøet.

Ho bur og jobbar i Trondheim. Ho studerte malerkunst på kunstskolen i Oslo. Der møtte ho også glaskunsten. Det førte til at ho tok ein bachelorgrad i glaskunst på Bornholm. No driv ho med både glasblåsing og støyping i eigen verkstad i tillegg til maling.

Hilde underviser i kunst og handverk ved Åsheim ungdomsskole på Heimdal, og der får elevane prøve seg litt på glaskunst i valgfagopplegg.

IMGP2054.JPG

På utstillinga finn du smykker i gaveesker, perfekt som julegave!

IMGP2055.JPG

IMGP2056.JPG

Utstillinga på Rindal Skimuseum er open
fredag kl.18.00 – 20.00
laurdag kl. 12.00 – 17.00
søndag kl. 12.00 – 17.00

Tips en venn Skriv ut