EM2_1024x942

1 020 000 tonn korn, erter og oljefrø er 14 prosent mindre enn i fjor.

Knapt ein million tonn korn

Vilkåra for berging av korn har vore vanskelege sidan siste prognose vart presentert 15. august. Norske Felleskjøp har difor nedjustert prognosen for tilgang av korn til norsk matmjøl- og kraftfôrindustri for sesongen 2011/2012. Det går fram av ei pressemelding frå Karstein Brøndbo, redaktør i Norske Felleskjøp. Tidlig i vår var det kø for levering hos Norgesfôr Røv Mølle (bildet).

Prognosen er basert på søknader om produksjonstillegg frå SLF, avlingsprognosar frå Norsk Landbruksrådgiving og tal for årets leveransar i mengde og kvalitet.

Prognosen på totalt 1 020 000 tonn korn, erter og oljefrø er 14 prosent lågare enn siste sesong og femårssnittet, og om lag det same som i 2009. Tolv prosent matkveite og 32 prosent matrug er dårlegare enn i noko tidlegare år vi kan samanlikne med.

Importbehovet er difor auka til 287 300 tonn matkorn. Behovet for import av råvarer til kraftfôr er ikkje endra.

Sjå heile prognosen på http://www.fk.no/Sider/Knapt-ein-million-tonn-korn.aspx.

Under ser vi Ola Tellesbø (frå venstre) i kø for å levere korn ved Røv Mølle - vidare ser vi Magnus Mogstad, Steinar Ranes og Bjørnar Moen. Du kan lese heile artikkelen frå leveringa hos Norgesfôr Røv Mølle (medlem i Trollheimsporten) på Trolheimsporten her.