Det lysnet i skogen ...Foto: OleT
Det lysnet i skogen ...Foto: OleT
Gå til galleriet
Søndag
Søndag Skyet
-4°
Skyet
Flau vind
Mandag
Mandag Regn
Regn
Flau vind

Kleivaprisen til Trond Larsen

Trond Larsen fekk fredag kveld Kleivaprisen for sitt store og verdfulle arbeid for musikklivet i Surnadal i over 40 år, både som korpsdirigent og musikar i mange ulike samanhengar. - Dette er ei stor ære, sa Larsen etter utdelinga under Kleivakvelden. Yngvild Sæter (23) vart tildelt støtte frå Kleivafondet for fotoprosjektet "Stangvik 2010". Årets Kleivakveld vart gjennomført i strålande vêr og dei mange publikummarane fekk tradisjonen tru oppleve eit svært variert program, med artistar som Terje Tysland, Henning Sommerro, Torstein Snekvik, Aimee Leonard og Ola Kvernberg. Sjå stor bildekavalkade frå Kleivakvelden og andre av fredagens Vårsøghelg-hendingar her!

Klikk på bilda for større versjonar.

vårsøghelga 12_1024x681
Kleivapris-mottakar Trond Larsen fekk stor applaus, og blir her gratulert av ordførar Mons Otnes.
vårsøghelga 13_1024x681
Henning Sommerro styrte som vanleg mykje av showet. Her saman med fiolinist og fræning Ola Kvernberg.
vårsøghelga 15_1024x681
Terje Tysland kom til Kleiva med både vare balladar, allsang og ein dose saftige gloser.
vårsøghelga 22_1024x681
Aimee Leonard frå Orknøyene imponerte stort både som vokalist og måten ho spela bodran (tromme).
vårsøghelga 18_1024x681
Mykje folk hadde funne vegen til Kleiva i det vakre vårveret.
vårsøghelga 14_1024x681
Stemning var høg både på scena og blant publikum da unge Torstein Snekvik framførte Bøverdalsrock saman med John Pål Inderberg, Ola Kvernberg og Henning Sommerro.
vårsøghelga 17
Edvard Hoem heldt både foredrag om Bjørnstjerne Bjørnson i kulturhuset og las dikt under Kleivakvelden.- Kleiva er Lille-Aulestad, erklærte forfattaren.
vårsøghelga 23_1024x681
Under leiing av Svein Sæter, las skuleelevar sjølvlaga dikt.
vårsøghelga 19_1024x681
Skodespelar Marianne Meløy frå Vesterålen var årets konferansier.
vårsøghelga 16_1024x681
Alle artistane deltok under avsynginga av Vårsøg.
vårsøghelga 10_1024x681
Surnadal Hornmusikk og dirigent Lars Peder Sylte hadde fleire opptredenar fredag.
vårsøghelga 20_1024x681
Folkesongar Unni Boksasp frå Straumsnes er plateklar, og opptrer også i Svinviks arboret laurdag.
vårsøghelga24-ny_1024x681
Tidlegare på fredagen var det nettverkstreff, der m.a. Magnar Holten frå Profero, Magne Løfaldli frå SIV Industriinkubator, Atle Norli frå Surnadal Logistikk Partner og Svein Erik Nilsen frå Surnadal Transport heldt innlegg.
vårsøghelga9-ny_1024x681
Mange var bokstaveleg talt høgt oppe under Vårsøghelga fredag. Desse sørga for eit flott skue - og hadde sikkert eit flott skue sjølv også...
  • Digg this
  • Delicous
  • Myspace
  • Stubmleupon
  • Friendfeed
  • Tips en venn
  • Skriv ut
E-henvendelser: redaktor@trollheimsporten.no