Klassisk i Øye

Klassisk i Øye

Konserten med sopranen Sigrid Vetleseter Bøe, pianisten Hedda Hansen Berg og organisten Bjørn Vevang i Øye kyrkje gav publikum eit møte med flotte klassiske verk.

Organisten heldt seg i bakgrunnen og framførte berre eitt soloverk – Johann Pachelbels fantasi over «Vår Gud han er så fast en borg». Det var likevel nok til å røpe at Stangvik, Todalen og Åsskard no får ein orgelutøvar av klasse.

Duoen Hedda og Sigrid er ambassadørar «bringar heim» mykje god klassiske musikk. Dei opna med Agathes store arie «Wie nahte mir der Schlummer frå «Der Freischutz» (1821; på norsk kalla «Jegerbruden») av Carl Maria von Weber. Med inderleg vakre og vokalt krevande uttrykk skildrar komponisten skiftande kjensler der Agathe på balkongen ventar sin kjære, jeger Max heim frå skogen. (På sin måte eit apropos til årets jaktsesong, men nokså annleis likevel ...)

Enda sterkare kjensler ligg i Mimis dødsarie frå «La boheme» (1896) av Puccini. Ho er døande av tuberkulose og syng til sin kjøre Rodolfo at han i alle fall skal behalde den rosa lua hennar når ho sjølv er borte. Vakkert og gripande.
 

Som Fiskerjenten og Solveig

Sigrid sa at ho er særleg glad i Grieg og viste først dette gjennom utdrag frå Fiskerjenten til tekster av Bjørnson – «Jeg giver mit Digt til Vaaren» og «Tak for dit Raad». Og som finale på konserten gjekk ho inn att i rolla som Solveig i «Peer Gynt», som ho gjorde i oppsetting i Ålesund 17. og 18. mai i år. Forholdet mellom trufaste Solveig og eventyraren (somme meiner sjarlatanen) Peer er eit høgepunkt i Ibsens litteratur og, på sin måte, i Griegs musikk. «Solveigs sang» og «Solveigs vuggesang» ( med Pinsesalmen i bakgrunnen) rørte oss sterkt.
 

Barokk og romantikk

I mellomtida var sopransolisten oppom galleriet og gav oss ein barokk bibelarie - «Hvor vakre deres føtter er som bringer godt budskap» frå Handels «Messias». Denne saman med organisten.

Den kjensleladde «Morgen» av Richard Strauss (1894) og Rusalkas «Sang til månen» av Dvorak (denne sungen på tsjekkisk) er sterke uttrykk for seinromantisk musikkstil rundt 1900. For første gong framførte duoen elles musikk av den store svenske Wilhelm Stenhammar – «I skogen» frå 1889.

Her, som gjennom resten av det varierte programmet, handterte Hedda Hansen Berg eit ikkje altfor godt piano med solid teknikk og sikker stilsans.

Konsertens nyaste verk, «Månen – utan farge» (2002), skildrar igjen tankar på døden. Komponisten Golijov har eit eigenarta og nesten overjordisk tonespråk som krev – og samtidig tilbyr - all den kvalitet og alt det klangspenn ein sopran kan rå over. Høgdepunkt!

Ganske mange hadde funne vegen til Øye kyrkje på konsertkvelden - trass i TV-fotball og andre alternativ. Og var du ikkje der, så blir Sigrid og Hedda igjen å høre på hotellet i Surnadal komande laurdag.


Bildet: Hedda Hansen Berg og Sigrid Vetleseter Bøe etter haustkonserten i Øye-kyrkja. Organist Bjørn Vevang hadde reist da vi tok biletet. Laurdag besøkjer Sigrid og Hedda hotellet på Skei.


Innsendt av Bernt G. Bøe