Klara Bæverfjord fyller hundre år!

Bøfjordingar og andre kjenningar sender varme gratulasjonar til hundreåringen Klara Bæverfjord denne tysdagen. Ei flott kvinne med berre gode venner fortener å bli sett pris på.

Klara Røsand vaks opp i Kirkevågen på Bremsnes saman med 4 søstrer og ein bror. Far Karl Johan var fiskar – mykje ombord på trålaren Borgenes. Mor Maria (fødd Engvik) hadde hendene fulle heime.

Klara var berre seks år da ho –  rett nok litt tilfeldig – starta arbeidslivet. Ho stakk av frå faren som dreiv torvtaking og drog bort på fiskberga. Der møtte ho ei sjuårig venninne, og nærmast på moro fann dei ei båre og bar fisk resten av dagen. – Vi heldt på i fire timar, minnest Klara under eit lydintervju vi laga for ei tid sia. Formannen skrytte av kor dyktige småjentene var og sa dei måtte koma att neste dag. – Og slik vart det fast jobb med fiskebering. Eg hugsar at seksåringen tente over 58 kroner den sommaren, fortel ho.

Seinare vart det fast sommarjobb på fiskeberga. Klara skildrar handfritt heile prosessen frå dei henta råfisken - via vasking og gjensalting, utoverhaving og snuing, tørking og ladsetting - heilt til kleppfisken etter fleire dagars stell kunne skipast. – Vi starta i 7-tida om morgonen og kunne enkelte dagar halde på til bortimot midnatt. Da var det godt å få stupe i seng!

Til Bøfjorden som butikkdame

Etter ungdomsskule og handelsskule fekk Klara jobb som ekspeditrise hos handelsmann Anton Orset i Bøfjorden våren 1939. Og ho kom til å like seg godt både i bygda og i denne jobben. – Det var allsidige oppgåver, hugsar ho. – Du laut lære alt muleg, å skjera glas, namn på all slags spikar – ja, somtid også å ekspedere damprutebåten som kom to-tre gonger i veka.

Mange minne frå butikktida strøymer på. Det er glade barneaugo med posen full av kamferdrops. Det er storfamilien som fekk heile julehandelen for 52 kroner. Og det er ikkje minst butikken som samlingspunkt for ungdommen når «løstdampen» kom om laurdagskveldane. Etter ei tid hos Orset jobba Klara i den nye butikken som Åge og Gudrun Garthe hadde starta på Innergarden i september 1939.

Ein av dei første kundane hennar på Orsetbua våren 1939 heitte Olav Bæverfjord. Og med ungdomen frå Toreneset tona det søt musikk. Klara og Olav gifta seg i 1940 og vart foreldre til ein stor barneflokk: Helge Bjørn, Møyfrid, Torfinn, Ann Mari, Solrunn, Vigdis og Kari. - Og attåt barnestell og ståk var det mykje å sette i stand på dei gamle husa den første tida, minnest tysdagens hundreårsjubilant.

Livshistorie

Så lenge synet heldt, førte Klara dagbok kvart år. Her er veret og dagleglivet notert - endatil tannlegebesøk med nøyaktig pris. Sjølve livshistoria har ho forresten skrive på rim: Femten vers over melodien «De nære ting» gir eit vakkert og personleg overblikk over storparten av dei hundre åra som Klara Bæverfjord har fått vera samlingspunkt og bessmorfang for så mange.

Det har nok vore opp- og nedturar. Sorga over å miste dotter og barnebarn var tung å bera, like eins at mannen Olav døde i jula for snart 29 år sia. Men nabolaget og vennene har støtta opp. Og alle har fått mykje igjen for samveret med Klara.

På Sjøbruksmuseet har ho hatt stambord. Difor er Bøfjorden Historielag langt framme blant gratulantane til hundreåringen. Klara Bæverfjord er da også laget sitt første æresmedlem.

I 2011, nokre dagar før Klara fylte 94 år, spurte eg henne kva ho gjorde for å halde seg så sprek og frisk. – Eg arbeider! svara ho kontant. – Eg har nettopp vaska-rundt huset!

Gratulerer med dei hundre år, Klara!

Innsendt av Bernt G. Bøe.

Klara Bæverfjord 100 år.jpg
Klara Bæverfjord.

00 Klara 02 Museet Ann M Torf Inger solem.jpg
Ved «stambordet» på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Fremst til høgre Inger Solem. Bak Klara sit dottera Ann Mari og sønnen Torfinn saman med naboane Bjørn Rosvoll Kvalnesvik og Astrid Rosvoll.

00 Klara 03 1April 8 i 1940.jpg
Ventande på dampbåten i Skrøvsetvika 8. april 1940 – dagen før krigsutbrotet. Frå venstre Erling Sæthervik med Oppigardsmerra «Blakkå», deretter Klara (som skal reise heim etter påskeferie i Bøfjorden), hennar tilkomande Olav Bæverfjord, Lars Settemsdal (Gammel-Oppigard) og postopnar Marit Skrøvset (Solem) med sekken som skal sendast.

00 Klara 04 Jenstad.jpg
Vals til Klara: Trioen Harald Røstad (bass), Unni Ulltveit (blokkfløyte) og Tor Erik Jenstad (trekkspel) hylla æresmedlem Klara med yndlingsvalsen under konsert for Bøfjorden Historielag i 2015.