Surnadal kommunevåpen

Surnadal kommune melder:

Klagebehandling - gards-/bruksnamn Fiskja

Kartverket har gjort vedtak om at gardsnamnet for g.nr. 6 i Surnadal kommune skal vere Fiskja. Dette vedtaket kan no påklagast av partane med frist 8. februar.

Partar er dei som har Fiske eller Fiskja som namn på grunneigedom, eller der dette går inn som ein del av namnet på bruket. Det er registrert åtte slike bruk under gardsnr. 6 og brev er sendt til heimelshavarane av desse.

Forutan desse, er det offentlege (kommune, fylkeskommune, stat) og selskap eigd av det offentlege partar.

Lokale organisasjonar med Fiske/Fiskja i namnet, eller som har ei anna spesiell tilknyting, er også rekna som part i saka med klagerett.

Det er sendt brev til heimelshavarar og kommune med orientering om klagebehandlinga.

Ei ev. klage skal grunngjevast (sjå § 10, lov om stadnamn).

Klage skal sendast til post@surnadal.kommune.no eller til Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.

Surnadal kommune vil, etter fristen har gått ut, sende ev. mottekne klager vidare til Kartverket. Om Kartverket står på tidlegare vedtak, vil klaga bli sendt vidare til ei særskild klagenemnd som er oppnemnd av Kulturdepartementet. Dei som har klagerett, har rett til å sjå saksdokumenta som er arkivert av Kartverket. Det er høve til å søkje om utsett iverksetjing av vedtaket til klagefristen er ute eller klaga er avgjord.

Ein finn fleire opplysningar om klagerett og klagebehandling i Stadnamnlova og Forvaltningsloven (kap. VI). Gå inn på lovdata.no om du vil vite meir om dette.