Picasa

Kjerktømmeret er på plass

Byggeledar Even Langli hos Vibo er i full gang med å lage skjelettet til det nye tårnet på Rindalskjerka. Det er solid malmfuru han arbeider med i lokala til T-komp på Bjergen.

IMGP9266_690x1042.jpg
Den største stokken, som skal stå i midten, er ein 8 x 8 tommar og 17 meter lang malmfurustokk.
8 andre stokkar skal fellast saman frå åttekanten over klokkene til ein spiss under spiret. Under ser du arbeidsmodellen til sammenkoplinga.
 
IMGP9274_690x1042.jpg
IMGP9276_690x811.jpg

Da er det mange vinklar å forhalde seg til!

IMGP9273_690x457.jpg

IMGP9278-001_690x1037.jpg

IMGP9275_690x460.jpg

Etter påske kjem den største mobilkrana som nokon gong har vore i Rindal for å løfte desse stokkane på plass.

IMGP9283_690x480.jpg

Skogeigaren i Elverumstraktene kan vere stolt av å ha levert denne malmfurustokken! Vi får håpe den får like langt liv i tårnet som den hadde i Østerdalen.

Klikk her og les meir om tømmeret og finn linkar til alle artiklane Trollheimsporten har om tårnbrannen og etterarbeidet!

IMGP9285_690x1035.jpg

Stairway to Heaven .... nesten....

IMGP9287_690x1034.jpg