Årsskrift 2011 1_1024x1554

Kjempefint årsskrift frå Rindal Heimbygdlag

Ei av oppgåvene til Rindal Heimbygdlag er å taka vare på tradisjonar. Årsskriftet har vorte ein tradisjon i seg sjøl, og no har nummer 28 i rekkja kome. Det er eit kjempefint årsskrift med mykje godt lesestoff frå Rindal. Dei faste skribentane er med, saman med nokre nye. Interessant er det å vere med historikar Jon Solem attende til ei fjern fortid når han skriv om Øygarden, der ein av stokkane frå det gamle fjøset har innrissa årstalet 1444!

Det er imponerande kva Rindal Heimbygdlag får til med årsskriftet kvart år. Det er godt gjort å kunne samle så mykje lokalhistorie gong på gong - no gjennom 28 år.

Slik presenterer dei sjøl årsskriftet i Ferreordet:
Mange av skrivarane har vore med i mange år. Ein del av dei har det ein kan  kalle faste spalter. Willy Karlstrøm minner oss om det som har skjedd siste året med Rindal i ord og bilde. Fredrik Løset ser 10 år attende i tid. Han finn og merke etter gamle husmannsplassar i lag med Ingar I. Løset. Harald Egil Folden går langs ein gammal seterveg i år og. Jon Sveen er og ein trufast skrivar. Han held seg mest i Rindals-garden og fortel om både Rindal Garveri og store snøskavlar. Ivar Bakk har delt mange minne med oss. No har han fått hjelp av søstera Ingrid Vaa og fortel om faren Jon Bakk som var ein kjent person i Rindal. Joralf Halgunset skriv om Ole Høiholt og tek med eksempel på diktinga hans. Reidar Halgunset har og vore ein fast medarbeidar og deler mange minne med oss. I fjor starta Arvid Koksæter og Ola Sæter ein serie om bedehusa i Rindal, no er turen komen til Skogen bedehus. I år kan vi og lese om snikkarskular. Møblar som vart laga på desse snikkarkursa finst det nok rundt om i bygda enno. Ola Aune har i år delt noko frå ei gammal seterbok med oss.

Vi har og vore så heldig å få nye skrivarar. Gunnvald Bøe frå Bøfjorden var rindaling eit par år da han arbeidde på Rindal Sambvirkelag. Han fortel levande frå denne tida. Jon Solem, som er historikar, tar oss med attende til ei fjern fortid når han skriv om Øygarden.

De kan lese om ein soldat i første verdenskrig, ein framandarbeidar i Rindal først på 1900-talet, industri i Løsetgrenda og til og med stoff frå Dechoraposten. Det siste av ein rindaling, Sivert Sæther.

Ellers finn du to barnesider, gamle skulebilde og bilde av konfirmantar.

For underteikna var det særleg gøttj å sjå frå Rindal Garveri og ikkje minst frå Øygarden og husmannsplassane under Rindalsholt.

Svært mykje godt lokalstoff frå Rindal å finne i eit imponerande årsskrift frå Rindal Heimbygdlag. Det vil heilt sikkert bli å finne som julegåve til mange i år også.

Rindal Heimbygdlag er medlem av Trollheimsporten med informasjonsside. Bli medlem - klikk her. Alle medlemmer her! Du finn nyhetene frå Rindal Heimbygdlag her.