Kjemimestere på Surnadal VGS

Kjemi-OL er ein internasjonal kunnskapskonkurranse for kjemielevar i den vidaregåande skolen, hvor over 70 land og 1030 elevar er med i konkurransen. Vinnar i 1. runde ble Luyang Huang på vg3 studiespesialisering ved Surnadal vidaregåande skole.

Jørgen Halgunset i vg2 studiespesialisering kvalifiserte seg òg til 2. runde. Berre 166 elevar tok seg vidare, og to av dei er altså frå Surnadal VGS.

Eit av formåla med kjemiolympiaden er å auke interessen for kjemi ved å gje eit tilbod som er spannande, morosamt og litt annleis.

For deltaking i den internasjonale finalen må kandidaten vere under 20 år. Huang Lyang har fylt 21 år, og får derfor dessverre ikkje delta vidare i konkurransen. Jørgen Halgunset er 18 år, og får delta i 2. runde.

Luyang er svært interessert i realfaga generelt, og ser fram til å kunne studere vidare. Plana er å få kome inn på NTNU til hausten.

- I framtida ønskjer eg å kunne arbeide med å forske på nye energiformer. Eg tenkjer òg at det kunne vore interessant å forske på korleis ein kan gjere enkelte kjemiske stoffer meir miljøvennleg, seier Huang.

 

Les saka på Surnadal vgs' nettstad.

huang_690x524.jpg

Måndag vart prestasjonen feira med kake og saft saman med medelevane på kjemifaget, faglærar Jon Moen og rektor Mons Otnes. Foto: Surnadal VGS.

huang luyang jørgen gjerstad.jpg

Kjemimesterne Huang og Jørgen. Foto: Surnadal VGS.