tp_leserinnlegg

Kjem Surnadal til å miste 28 institusjonsplassar på få år?

Av Driva frå 17. november (s.4) går det fram at rådmannen i Surnadal har foreslått å legge ned ein sengepost ved Surnadal sjukeheim for å få eit kommunebudsjett i balanse for året 2018. Dette vil gje 8 færre sjukeheimsplassar skriver Johs. J. Vaag i dette leserinnlegget.

Går dette i gjennom i kommunestyret vil Surnadal kommune ha mista 28 institusjonsplassar på få årFrå før er det lagt ned 20 plassar, 5 av desse skriv seg frå sjukeheimen, medan 15 plassar kjem av nedlegginga av Stangvik aldersheim. Til saman blir dette mykje!

Kommunestyret har nyleg vedtatt å ombygge/renovere Stangvik aldersheim. Bygget er vedtatt ombygd til omsorgsbustader og andre type leiligheter. Eg trur ikkje det er klokt å legge omsorgsbustader til Stangvik. Staden har nemleg ikkje nærbutikk. Dette at nærbutikken på Kvanne blir nedlagd gjer heller ikkje situasjonen lettare. Stoda er ei heilt anna ved ein alderheim med kjøkken og døgnbetjening. Eg trur framleis det er rettare å bygge tidsmessige omsorgsbustader på Skei. Men kommunestyret har tatt si avgjerd. Slik er det.

Framskrivingstal frå SSB viser tydeleg at talet på 80-åringar i Surnadal vil auke sterkt frå 2019 til 2030. Auken er til og med betydeleg større enn landsgjennomsnittet! Når ein så veit at talet på demente som ikkje kan vere heime åleine røynslemessig aukar mellom dei eldste eldre er det grunn til å tenkje seg grundig om før ein går inn for eit såpass drastisk sparetiltak som nedlegging av sjukeheimsplassar er. HHO og eldrerådet har uttala at ein bør tenkje seg godt om før ein går til eit slikt steg. Eg er samd i dette synet.

Kommunestyret har budsjettmøte 14. desember. Da blir det avgjort om 8 sjukeheimsplassar skal leggast ned eller ikkje. Fjellvettregelen om «å vende i tide – det er ingen skam å snu» gjeld framleis. Det er sterkt å håpe at denne regelen blir følgd.