HOVEDSØKNADSFRIST 2023 er 15. MAI, men vi tek imot søknader heile året..

Her finn du informasjon om fagtilbod og påmelding

Meld deg på via Internett!

Du kan gå rett til søknadsskjemaet, men du bør kjenne til ein del av informasjonen på denne sida først. Påmeldingslenka dukkar opp igjen når du veit nok, deretter følger det enda litt info.

UNDERVISNINGSTILBOD

Frå 01.januar 2020 er vi ein kulturskole for Surnadal og Rindal. Surnadal og Rindal Kulturskole tilbyr eit variert tilbod innafor mange fagområde. Born og unge er hovedmålgruppa, men vaksne elever og andre institusjonar er våre samarbeidspartar. Vi legg vekt på at elevene skal ha gode vekst og utviklingsmuligheter og få glede av å lære seg nye ferdigheter samt å framvise dei til et publikum. Vi har lærere med spesialkompetanse innafor sitt fagområde.

Dans: Basisdans. Her får elevene lære grunnleggande oppvarmingsøvinger og dansebevegelser med fagutdannet dansepedagog som sikrer elevenes utvikling innafor trygge rammer. Dei dansar ulike sjangre scenisk dans med utgangspunkt i klassisk danseteknikk. I dansefaget blir elevane inndelt etter alder. Koreografi og teknisk nivå er tilpassa gruppa sitt nivå.
Dansmix. 6-8 år.
Vi har også barnedans frå 3 - 5 år.
Vi vil også tilby jazzdans, tåspiss, hiphop og dansekompani i Surnadal.
Dei tilboda vi berre har i Surnadal kan elever frå Rindal også søke på.
 


Drama/teater: Vi har som mål å auke eleven si tru på seg sjølv i dramafaglege og pedagogiske rammer og å gi eleven verkty til bruk i ulike framføringar.
Elevane vil i løpet av året framføre noko for publikum. Nokre gonger skriv eller finn dramalæraren manuskriptet og andre gonger skriv elevane manuskriptet sjølv med rettleiing frå læraren. Resten av tida brukar elevane til dramaøvingar og leikar.
Nedanfor finn du sentrale stikkord i dramafaget.
Drama- øvingar og leiker Konsentrasjon, lagspel, refleksjon – analyse, fantasi, improvisasjon, skaparevne, kroppsmedvit, stemmebruk, sprenge egne grenser, sjølvkjensle.
Teaterframsyningar – skodespelarteknikk. Stå på scene, plassering og retning, spele og analysere roller, ta regi, samarbeide – gjere motspelaren god, fortelje, synge, danse, skrive

Visuelle kunstfag:
Elevene er inndelt i grupper etter alder og ferdigheter. Dei arbeider med ulike teknikker innafor tegning, maling, grafikk og skulptur. Dei vanligaste teknikkene er olje- og akrylmaling, tegning med ulike blyanter, kolstift, penn, pastellkrit, linoleumstrykk og ulike skulpturer. Dei lærer å arbeide med rom og form, to- og tredimensjonalt, lærer om perspektiv, skuggelegging, enkel fargelære, anatomi og mykje meir utifrå det ein ser og egen fantasi. Pr dato gir vi tilbud fra 9 års alder.

Musikk: I musikkfaget tilbyr vi instrumentalopplæring individuelt og samspel i større og mindre grupper.
Blås: Vi underviser i dei fleste messing- og treblåseinstrumenter. Etter aspirantopplæring eit - to år kan elevane starte i det lokale korpset.
Piano/keyboard: Elevane får opplæring både i note- og besifringsspel/akkorder. Repertoaret varierer frå klassisk til viser og rytmisk musikk.
Gitar, bass og trommer: Elevane får opplæring i fleire notasjonsformer og gehørbasert læring innafor ulike sjangrar rytmisk musikk.
Songgrupper/vokal: Vi har vokale aktiviteter både i form av songgrupper, individuell undervisning og band.
Fiolin. Opplæring på tilpassa instrument i klassisk- og folkemusikk.
Munnspel: Klassisk og Blues.
Band/samspel: Ønsker elevene band eller samspel må dei først ha instrumentopplæring til dei når eit visst ferdigheitsnivå.

 

UNDERVISNINGSTILBOD
Kulturskolen kan tilby undervisning i følgjande disiplinar:

Tangentinstrument: Piano – Keyboard/Synth – El.orgel – Kyrkjeorgel – Trekkspel
Strengeinstrument: Gitar - El.gitar – El.Bass
Strykeinstrument: Fiolin-fele
Treblåseinstrument: Fløyte - Klarinett - Saksofoner
Messingblåsinstrument: Kornett – Trompet – Althorn – Tenorhorn – Trombone – Tuba
Vokal: Song/stemmebruk - Songleik- Ungdomskor
Slagverk: Trommesett, korpsopplæring skarptromme
Samspel band: Orkester, band
Teater: Drama og teater
Visuelle kunstfag: Teikning, maling, trykk, skulptur....
Dans/ballett: Basisdans, klassisk danseteknikk, jazzdans, hip-hop, barnedans
 

 

SØKNADSFRIST
Ordinær søknadsfrist for 2024 er 15. mai.
Søknadar kan leverast løpande gjennom året, og vil da gjelde for neste semester eller så fort det er ledig elevplass.

SKOLEPENGAR
Frå 01.01.2024 Kr. 1850,- pr. elevplass pr. semester. For vaksne elevar er prisen kr 2500,- pr semester. Rekning på skolepengar blir send ut midt i semesteret. Dersom ein elev ikkje kan fullføre påbegynt semester, må ein likevel betale skolepengane i sin heilhet. Dette gjeld også "gamle" elevar som har møtt til første undevisningstime.

NÅR UNDERVISER VI  I DEI ULIKE FAGA:

FagSurnadal RindalLærarar
KunstfagTysdagTorsdagMarit Lediard
Dans/ballettMåndag-fredag. OnsdagStine Valde
TeaterTorsdagTorsdagSvanhild Husby
Song-songgrupperOnsdag og TorsdagI SurnadalElisabeth Gjørsvik
MessingblåsMåndag- tysdagEtter avtaleTorbjørn Larsen og Torgeir Andresen 
TreblåsTysdagI SurnadalPeter Vergeni
Gitar-bass-trommer-bandMandag-TorsdagTysdagRune Dalager 
PianoMandag-TorsdagTysdagLinda Torvik
FiolinOnsdagI SurnadalSynnøve Hammervold
MusikkteoriOnsdag/TorsdagI SurnadalRune Dalager