hele salen foto todalen no (1)

Kickoffkveld med IL Søya fotball

I fjor arrangerte IL Søya ein vellykka Fair-Play kveld med Per Ravn Omdal som gjest. I år tenkte dei nok litt i samme bane og inviterte samtlege spelarar, trenarar, oppmenn og andre føresatte til Kickoffkveld på kantina på Surnadal Ungdomsskule. Og med fullsett sal, vel 120 frammøtte, vart det nok eit vellykka arrangement. Her deltok også dei samarbeidande klubbane Todalen og Kvass/Ulvungen.

Trenar for Surndal IL sitt A-lag Webjørn Holten og Torgeir Kvendset i styret frå IL Søya, orienterte litt om verdiar og haldningar på og rundt fotballbanen. Der dei saman med dei unge frammøtte fotballspelarane kom fram til at fellesskapet og det å gi og få positive tilbakemeldingar er ei stor drivkraft for at dei held på med fotballen så å seie året rundt år etter år.

alle laga foto todalen no (2)_690x399.jpg
Alle laga med lagledarar og trenarar samla på eitt brett.

Etterpå vart det pizza- og frukt servering i lag med ein fotballquiz og ein verdiøvelse rundt IL Søya sin visjon «Vi skal skape gode fotballminner».

Erlend Fagerli foto todalen no_690x466.jpg
Erlend Fagerli

For å motivere og ikkje minst inspirere hadde fotballgruppa invitert 17 år gamle Erlend Fagerli fra Svorkmo som i fjor haust vart nr 3 i VM i freestyle fotballtriksing i Brasil. Han innehar også ein 2. plass i NM, og dei frammøtte fekk sjå kvifor. Han hadde sett saman eit heilt nytt program, om ikkje for anledninga, så vart det nesten ei urframvisning.

Til slutt vart sponsorane til IL Søya utfordra i eigen triksekonkurranse mot fotballstyret. Reglane var så innfløkte at det mesta verka som om sponsorbeløpa var fastsett på førehand, men med lite sjøvhøgtidlege deltakarar vart det underhaldning likevel. Kvar av sponsorane Talgø, Intersport, Gjensidige Surnadal, Surnadal Sparebank, Amfi Drift AS og Svorka gjekk derifrå 4000,- fattigare.
 

Klikk her for å sjå mange bilde frå kickoffkvelden på Todalen.no


Tekst og foto: Elinor Bolme, Todalen.no

Todalen logo.jpg