Stikk Ut 1_690x460

Karin Sunde vart julivinnar!

Da er ny Stikk UT!-vinnar trekt, og den heldige vinnaren av gåvekortet for juli månad vart Karin Sunde, Grimsmomarka. Ho har vore på fleire Stikk UT!-turar, men det var ein tur til Langvatnet som sikra henne premien. Vi gratulerer med ein velfortent sommarbonus!

Kulturavdelinga i Surnadal kommune trekkjer eit gåvekort på 500 kroner blant Stikk UT!-deltakarane i kommunen kvar månad så lenge Stikk UT!-sesongen varar. Alle personar som registrerer seg på Stikk UT!-sida med bustadadresse i Surnadal kommune, er med på trekninga. Jo fleire registrerte turar, jo større vinnarsjansar, og det er enno ikkje for seint å melde seg på!

 

Tidlegare vinnarar:

Mai: Roger Sæter.

Juni: Eunkyong Youn.