00 Kardemomme b_690x458

Kardemomme på Nordvik

Måndag kveld kjem det folk og røvarar til Nordvik Forsamlingshus! Stangvik Jentekor inviterer nemleg til «Kardemommefest».

Koret har i vinter jobba med utdrag frå Thorbjørn Egners barnebøker om Kardemomme By og Hakkebakkeskogen. Måndag er det premiere – med bl.a. Kasper og Jesper og Jonatan, Tante Sofie, Polimester Bastian, pølsemakaren og trikkeførar Syversen.

Frå Hakkebakkeskogen kjem Bestemor Skogmus, ekornbarna, Brumlemann, Bakarmester Harepus og ein kar som fyller 50 år omtrent på denne tida.

Foreldra stiller som mannskap på scena og på kjøkenet. For på Kardemommefesten blir det kaffe med mykje godt attåt for alle som møter opp. Om bakarguten sine dobbelpepra pepparkaker er å anbefale, er ein anna sak ...

Billettpengane går til det musikalske arbeidet i Stangvik sokn. Og at det finst mange talent i dette jentekoret, får folk oppleva denne kvelden – om dei ikkje visste det frå før!

Bernt G.Bøe, musikalsk leiar.

På bildet øverst ser du sentrale aktørar klare til festkveld på Nordvik. Frå venstre Jesper, Jonatan, Bastian (politi med revestreker denne kvelden), bakaren, pølsemakaren og tante Sofie.

00 Kardemomme PLAKAT_690x985.jpg

00 Kardemomme a Nordvik Forsamlingshus_690x493.jpg
Nordvik Forsamlingshus får besøk av røvarane, tante Sofie, politimester Bastian og mange, mange fleire måndag kveld. Innfelte teikningar av Thorbjørn Egner.

00 Kardemomme c_690x585.jpg
Bakarmester Harepus og bakarguten lovar pepparkaker – kor vellykka dei no måtte bli ...

00 Kardemomme d Lise m Plakat_690x949.jpg
- Kom og opplev ungane våre på Kardemommefest måndag! oppfordrar Lise Myrbostad.