Søndag
Søndag Skyet
Skyet
Stille
Mandag
Mandag Delvis skyet
10°
Delvis skyet
Svak vind
tp_leserinnlegg

Kan vaksensvømminga på fredagskveldane kome i gang igjen ved Surnadal svømmehall?

Det blei slutt på vaksensvømminga på fredagskveldane i svømmehallen i Surnadal frå hausten 2019 av. Fleire har reagert på denne nedlegginga og har bede om at dette fine aktivitetstilbodet blir oppretthalde. Dei som har kome med synspunkt er brukarar av svømmehallen, eldrerådet, pensjonistlaget og hovudutvalet for helse- og omsorg (HHO). Det er blitt peika på at vaksensvømming i svømmehall er eit viktig folkehelsetiltak.

Vidare er det blitt bede om at det i budsjettsamanheng blir vurdert nøye om det let seg gjere å oppretthalde tilbodet med open svømmehall på fredagskveldane. Først på desember i 2019 hadde Eva Marie Myklebust og underskrivne eit lesarinnlegg i lokalavisene kor vi som brukarar av svømmehallen argumenterte for kor viktig det borttekne tilbodet var. På slutten av lesarinnlegget hadde vi følgjande understreking: «Vaksensymjinga på fredagskveldane er eit velferdstiltak som fremjar helse, velvære og trivsel, og vi håper at tiltaket blir gjeninnført!»

Under behandlinga av kommunebudsjettet like før jul blei det arbeidd for å få til ei løysing. Slik eg opplevde det var det gjennomgåande ei positiv haldning i kommunestyret for å få på plass igjen tilbodet med vaksensvømming på fredagskveldane. Det skulle arbeidast vidare med saka med tanke på å finne ei løysing. Følgjande oversendingsforslag blei samrøystes vedtatt av kommunestyret: «Voksensvømming på fredagskveldene. Det er kommet høringssvar på budsjettet for 2020 – 2021 der tilbudet om voksensvømming på fredagskveldene er avsluttet/nedlagt. Det er ikke underskrevet på vegne av noen organisasjon, men av en del privatpersoner.

Det er mange momenter der som er positivt med tanke på folkehelse, integrering og kulturutveksling. Kommunedirektøren blir bedt om å se på dette på nytt. Se på mulige organiseringer der man optimaliserer driften, med det mål for øye at tilbudet kan bli tilgjengelig igjen. På nyåret startet Frivilligsentralen sin virksomhet. Utredningen bør blant annet se på muligheten for at frivillige kan ta vakter i svømmehallen etter en turnusordning, med det mål for øyet at det ikke belaster kommunebudsjettet.»

Under spørjekvarteret på kommunestyretmøtet 5. februar i år stilte eg følgjande spørsmål til ordføraren: «Symjing for vaksne i svømmehallen er det slutt på sidan hausten 2019. Korleis står denne saka i dag?» Ordføraren sitt svar, framført av plansjef Råg Ranes, lydde slik: «Det er no snakk om frivillig ordning på fredagar. Om vi skal basere tilsynet på private vil det juridiske ansvarsforholdet reise seg i tilfelle ulykker blant besøkande eller det oppstår tekniske problem på det tekniske anlegget. Vi har vore i kontakt med KLP.»

Som ein skjønar av det siterte svaret blir det arbeidd med saka, og bra er det. Det er veldig viktig at dette med ansvarsforholda ved ei frivillig ordning blir tatt på høgste alvor. Her har kommunen starta opp på rette måten og takk for det.

Da er det å håpe at tilbodet med fredagssvømminga for vakse etter kvart kan ordnast på ein god måte. «Det er håp i hengande snøre», som det heiter.

 

Johs. J. Vaag