Peder Mauset og Elise stensønes_350x234

Kammerkonsert på Kulturskulen

Onsdag kveld gjennomførte Kulturskulen på Indre Nordmøre ein flott kammerkonsert med musikk frå Lindgren si verd, Knutsen og Ludvigsen, klassiske tonar, folketonar og nokre songar frå
lærebøkene si verd.

Cirka 30 unge musikarar var med på piano, messingblås, treblås, fiolin og song. 60-70 tilhøyrarar var møtt fram og alle var godt fornøgde med det dei fekk høyre.

Klikk på bilda for større versjonar.

Peder Mauset og Elise stensønes_1024x685
Peder Mauset og Elise Stensønes spela forskjellige songar. Her framfører dei Vårsøg.
Karen Snekvik_1024x685
Karen Snekvik spela Oppochnervisan frå Emil i Lønneberget.
Sanggruppa_1024x685
Songleikgruppa song Mitt Piano. F.v. Mathea Lysø, Nils Ole Grimsmo, Ruben Lysø, Kaja Sofie Kvande, Oddrun Snekvik og Ingrid Gabriella Grimsmo.