Torsdag
Torsdag Lettskyet
Lettskyet
Svak vind
Fredag
Fredag Sludd
Sludd
Liten kuling
Picasa

Kalla 100 år

Kallafeiring i Kallastuå

Sentralt under samlinga i Kallastuå laurdag, var spørsmålet om Kalla valde kunsten framfor ekteskapet. Kanskje fekk vi svar på det. Vi fekk i alle fall djupare innsikt i livet til kunstnaren Kalla Skrøvset på 100-årsdagen hennar.

 

 

Fullt hus i Kallastuå på 100-årsdagen

 

 

Leiar i jubileumskomitéen, Lars Skrøvseth, ønska forsamlinga velkommen

 

 

Tantebarnet Aud Kirsti Bø har lest gjennom den talrike korrespondansen Kalla hadde med familien sin, og særleg søstra Signe. Det gav henne djup innsikt i livet til tante Kalla, ei dame som ho såg opp til, som var annleis, flott med sterk utstråling. Aud Kirsti var stolt og begeistra for tanta si.

 

Kalla var så spesiell. Det var rart at ho ikkje hadde kjærast? Valde ho kunsten framfor kjærleiken? På den tida visste ikkje Aud Kirsti noko anna kvinne som kombinerte familie og arbeid utafor heimen. Det gav ho svaret på det spørsmålet.

 

Det viste seg at Kalla ikkje var upåverkeleg av kjærleiken. Ho hadde møtt sin Mann. Om det var i kunstnarmiljøet, indremisjonsmiljøet eller i gruppa av kristne kunstnarar som ho deltok i denne tida i Oslo, veit vi ikkje. Vennskapet med Mannen utvikla seg til noko meir og nærare.

 

Så vart dette vennskapet for komplisert for Kalla. Det viktigaste var at han ikkje var kristen, og det passa ikkje med Kallas pietistiske bakgrunn. Kontakten måtte ta slutt. Førte til stor kjærleikssorg hos Kalla. Den vart forsterka av at Mannen kort tid etterpå gifte seg med ei noko yngre jente.

 

Mosaikkbilde som møter deg i trappa i Kallastuå

 

Denne historia verka klart inn på det kunstnarlege, og det tok årevis før ho kom over dette.

 

Kalla ønska at kunsten hennar skulle vere forkynnande. Kunsten skulle forkynne og lovprise og forherlige Guds namn for andre.

 

Kalla var også aktiv ut over kunsten. Ho var populær, viste lysbilde og sang. Aktiviteten var stor, nærmast hesblesande. Brukte ho aktiviteten for å dempe sorga og einsemda, undrast Aud Kirsti.

 

 

Vi fekk også høre om Kallas liv i utlandet frå Heidi Lee (over) frå Petersburg, Alaska. Heidi er av nordmørsslekt. Kalla oppheldt seg der eit par år. Arbeidde på fiskemottak og m.a. reinska reker.

 

Søster til Kalla, Signe, var i Petersburg, og ho hadde sete barnevakt for Heidi i Petersburg. Etter at ho hadde vore på besøk i Surnadal og fått omvising i Kallastuå, følte ho at ho kjente Kalla.

 

Ein tredel av dei 3000 innbyggarane i Petersburg har aner frå Nordmøre, meinte Heidi Lee. Desse var med på å bygge opp denne fiskarlandsbyen i Alaska. Det viste seg at det var folk i salen som også hadde slektningar i Petersburg.

 

Utanom arbeidstida hadde Kalla kunstelevar. Dette kan du sjå meir om i videoen nedafor. Det var visstnok familien Osen Kalla besøkte, ikkje Olsen som det står i teksta i videoen. I videoen møter vi Kallaelever og Kallakunst.

 

Klikk her: Blue cries for orange

 

 

Odd Ingar Skrøvseth hadde sett på Kallakunsten for å finne fram til mest mogleg av den. Alle han møtte var så glade i Kallakunsten. Kunsten hennar er levande, i bruk og betyr noko for folk i dag.

 

Han har funne fram til 113 bilde og verk som heng i offentlege bygg. Ho har laga kirkeinteriør og bedehusdekorasjoner, bilde til helseinstitusjonar og skular, bankar og forsikringsselskap. Det er registrert over 200 private bilde berre i Surnadal. Denne statistikken er ikkje fullstendig. Det er heller ikkje oversikta på nettsida til Kallastuå, men den fortel ganske mykje om spreiinga av Kalla sine kunstverk.

 

 

Tre av hovudsponsorane var tilstades og fekk sin hyllest: Frå venstre: Liv Dalsegg, Surnadal Sparebank - Lilli Husby, Surnadal kommune og Lars Løseth, Amfi. Dei andre hovudsponsorane er Gjensidige og Møre og Romsdal Fylkeskommune,

 

 

Kalla sin nevø Nils Røv rørte forsamlinga med å spele Lina Sandells "Blott en dag", og til sluttavslutta han samlinga med å spele ein slått på munnharpe til harpa sprang!

Tips en venn Skriv ut