Picasa

Kårliåsen i Tørsetmarka

- Her er det bygd hytter for nær 20 millionar siste året – pluss eit par anneks, seier Marvin Røen, grunneigar i Kårliåsen hyttefelt. Her ser han utover dalen og Trollheimen frå platten utafor ei hytte som blir ferdig til påska 2017.

IMGP7173.jpg

Denne hytta, som Trollheimsporten besøkte siste haust, blir ferdig eit par månader før lova. Ein fin vinter og godt samarbeid mellom dei lokale handtverkarane frå Rindal og Surnadal er stolte av det. Det er Rindals-Tre som er ansvarleg.

IMGP7175.jpg

Størsteparten av omsettinga i samband med hyttebygginga her går til det lokale næringslivet, noko firmabilane utafor hyttene viser. Dette er ein stor og betydeleg næring i Rindal. I tillegg så blir hytteeigarane gode kundar for næringslivet i Rindal mange år framover.

2017-03-023.jpg

IMGP7184.jpg

-  Det er den nye hyttegenerasjonen som bygger her, seier Røen. Dei vil ha det betre på hytta enn heime. Her har dei «alt» inne i huset, og gjennom store vindauge kan dei nyte vekslande ver over trolsk natur.

2017-03-025.jpg

Utafor døra opnar naturen seg med oppkjørte skiløyper om vinteren og godt merka turstiar om sommaren.

IMGP7186.jpg

Mesta alle hyttene som blir bygd i Rindal no har bilveg heilt til hytteveggen.

Her om dagen da Røen kjørte opp mot hyttefeltet, såg han 15 storfugl ved vegen, og under oppkjøring av skiløypa såg han ferske jervspor som kryssa løypa.

17240397_1311875692227435_6417560677881951779_o.jpg

For ei veke sidan var denne platten klar for å ta imot hytta. Merk deg det flotte "tuntreet"!

17424788_1320854901329514_5535110013769580546_n.jpg

Denne hytta vart reist av veggelement frå Kvatro i Surnadal i går med yttervegger og takstolar.

17424743_1320854894662848_6065510235669236116_n.jpg

IMGP7177.jpg

 Plastduk kom på plass på taket før første snøskura i dag!

IMGP7179.jpg

Terje Børset i RindalsTre får arbeide under tak framover våren.

Denne hytta er bygd for salg. Kontakt Tørsetmarka hytteområde!

IMGP7187.jpg

Lenger inne finn vi denne hytta som også blir ferdig snart.

IMGP7183.jpg

Inne er Lasse Skjølsvold (øvst) og Stein Rønningsbakk i ferd med å sette opp ein flott dekormur.

Røen håpar at sokkelen for neste hytte kan støypast før påske og før teleløysinga som gjer mørtelkjøring umogleg nokre veker.

Du kan også sjå bilde og lese meir om Tørsetmarka hytteområde på denne facebooksida!

Tekst: OleT Foto: OleT/Tørsetmarka hytteområde