1

Julehefte og bok om Vangsgutane

Vangsgutane 2014

To klassikarar, ei frå 1950 og den andre frå 1951.
 
Fornying av serien held fram også i år med ei nyskriven og nyteikna historie. Forfattar er, i år som i fjor, Sverre Årnes og teiknar er Ivan Andreassen. Framsida er også teikna av Ivan Andreassen. Den redaksjonelle artikkelen er skriven av Henning Sommerro. Han undrast på kvifor det ikkje er laga film og TV-serien om Vangsgutane. Sjølv laga han saman med Vårsøg musikk til eit tablå for fjernsynet om Vangsgutane i 1974. Seinare har han skrive ei lita Vangsgutsuite for strykekvartett.
 
Den nyskrivne forteljinga er lagt til krigsåra. Den vakre Rannveig som, er komen frå byen, skal vera med på setra og hjelpe Sigrid Vangen med seterstellet. Larris kjem også til seters. Han vil gjera inntrykk på den vakre byjenta, men det vert ikkje like vellukka som tanken var.
 
Trufaste lesarar får også sitt. To klassiske forteljingar skrivne av Leif Halse og teikna av Jens R. Nilssen. I den fyrste, frå hefte nr. 8 - 1950 leikar borna raudhudar og bleikandlet, som nær på enda i drukningsdød.  I den andre, frå hefte nr. 9 - 1951, er den gamle kjenningen Posttjuven på ferde att. Vangsgutane tek opp jakta, men vert tekne til fangar. Det vert dramatisk for gutane, men så kjem Sterk-Ola og lensmannen til hjelp.
 

knut berg 1. side 2014.jpg

Ingeniør Knut Berg 2014 - Det andre av dei originale hefta

Forlaget vil gje ut alle ingeniør Knut Berg-hefta i opptrykk. Nr 1 kom i fjor .No står nr 2 - 1943 for tur.
 
Heftet i år er opptrykk av hefte nummer 2 frå 1944, med tekst av Vigleik Vikli (Hallvard Sandnes) og teikning av Ronald Stone (Jostein Øvrelid). Det har brote ut krig mellom det fredlege  landet Kalimanko og og det maktsjuke landet Rutu.
 
Det er ikkje vanskeleg å sjå parallellane til Noreg og andre verdskrigen i heftet. Den vonde og maktsjuke Dr. Panga er tidvis teikna påfallande lik reichkommissar Josef Terboven. I teksten finn vi fleire småspark til den norske politikken  og vernebuinga før krigsutbrotet, for eksempel på side 23, bilete 5. Heftet bør lesast med krigen i Noreg som bakgrunn.
 

omslag bok.jpg

VANGSGUTANE I BOKFORM, BAND 2 
 
Den andre boka med teikneserien om Vangsgutane, fortald av Leif Halse og teikna av Jens R. Nilssen, er no komen.
 
Boka inneheld årgangane 1943, 1944 og 1945. Desse vart skrivne og teikna i ei tid som vi kjenner som gullalderen i norsk teikneseriekunst. Dei fleste store klassikarane i norsk teikneseriekunst vart skapte i denne tida. I fjor kom første bandet, der årgangane 1940, 1941 og 1942 var samla.
 
Forlaget vil gje ut i alt fem band, til og med årgangen 1957; dei seriane kunstmålar og teiknar Jens R. Nilssen (1880 - 1964) teikna. Han var ein meister som ikkje fortener å gå i gløymeboka. Han var ein mykje nytta avisteiknar og i tillegg til Vangsgutane teikna han også Smørbukk, Tuss og Troll og Haukepatruljen.
 
Dei som er unge i dag vil nok ikkje kjenna seg att i serien. For dei vert som eit eventyr. Men for dei som har levd ei stund vil nok lesinga kalla fram gode minner, både om møte med Vangsgutane i barndomen og ein levemåte og eit samfunn som ein gong var.
 
Såleis vert det ei kultursoge om eit land og ein levemåte før olja endra på så mykje. Føreordet til band 2 er skrive av Olav Norheim, mellom anna tidlegare redaktør av Norsk Barneblad og forfattar av mange Smøbukk-soger.