2018-12-05 19

Julehefte er meir enn Vangsgutane

Ei fin adventstund i stua på Åsen bygdemuseum onsdag kveld vart høgtideleg opna med at Karen Oddny Gravvold song Julverset på sin måte, før Maja Frønes ønska velkommen til foredragshaldar Tom Brenne og forsamlinga.

IMGP7563.JPG

Tom Brenne har skrive boka «Norske julehefter. De litterære juleheftene fra 1880 til i dag.» Maja Frønes (nedafor) hadde fått idéen til å invitere Tom Brenne frå Tove Mogstad, som kjente han frå tida han jobba i Norgesfôr. 

2018-12-05 19.05.42.jpg

Brenne fortalte først at han deltok i «Kvitt eller dobbelt» i fjernsynet med Mikkjel Fønhus som tema. Han gjekk heilt til topps og vann 48 000 kroner. Da oppdaga han at forfattarskapet til Fønhus også omfatta julehefte. Det vart grunnlaget for ei samling av julehefte som no er på 5800 hefte!

Som pensjonist har han halde 10-15 foredrag om desse julehefta kvart år dei siste åra.

- Julehefta kan delast i to grupper, fortalte Brenne, - kristelege og verdslege julehefte. Det Norske Misjonsselskap ga ut hefter for barn, ungdom og vaksne til jul. Mange hugsar heftet «Glade Jul». Og Krigsropet s sitt julenummer eksisterer fortsatt. Det gjer også Norsk Barneblads julenummer.

IMGP7564.JPG

Noregs Ungdomslag står bak mange lokale julehefte, slik som Jul på Sunnmøre, Jul i Romsdal og Jul på Nordmøre.

IMGP7566.JPG

Det har alltid vore pengar i julehefte, både for utgjevarane, men også for forfattarar. Dei siste åra har vi fått juleheftet «Juleroser» redigert av Herborg Kråkevik. Det kjem i år ut for fjerde gong med artiklar og illustrasjonar av kjente norske forfattarar og kunstnarar.

Mange kjente norske forfattarar har debutert i dei eldste julehefta. «Juleroser» henta inspirasjon frå hefte med same namn utgitt i København frå 1881. Knut Hamsun hadde fleire noveller på trykk der for første gong i 1893 til 1912.

Det følgde gjerne kunsttrykk med dette danske heftet, og det følger med Kråkevik sitt hefte også.

IMGP7569.JPG

Forlag og andre litterære grupperingar følgde opp med å lage julehefte, og hefta var fine forum å vise seg i både for forfattarar og kunstnarar.

IMGP7571.JPG

Johan Falkberget var ein av forfattarane som sette av tid kvar sommar til skriving for julehefte. Brenne opplyste at Falkberget hadee levert mellom 400 og 500 artiklar til julehefte.

Ein gong sendte han inn ein artikkel til eit forlag og bad om 500 kroner for den. Han fekk spørsmål tilbake om kor lang tid han hadde bruka på den. Falkberget svara at det tok 3-4 timar. Forlaget tykte det vart høg timelønn. Da svara Falkberget: - Eg tek ikkje betaling for timen, men for at eg kan dette!

IMGP7578.JPG

Under krigen vart det forresten gjeve ut fleire NS-julehefte, med NS-rettskriving og hyllingsartiklar til Quisling.

IMGP7592.JPG
Mange yrkesgrupper har hatt eigne julehefte, bønder, fiskarar, Redningsselskapet og Sjømannsmisjonen.

IMGP7581.JPG
Kaare Espolin Johnson, som var fødd i Surnadal, hadde illustrasjonar i mange julehefte. Her ser vi raderinga  "Juksafiskere".

IMGP7583.JPG

Her ser du heftet «Bergmanns jul» som kom ut på Orkanger 1954 og utover. Det manglar Brenne fleire nummer av, så kjenner du til dette heftet, så er han interessert i kontakt!

IMGP7585.JPG

Arbeidarrørsla hadde også mange julehefte. Kristiansundaren Arnulf Øverland skreiv i «Arbeidets Jul». Det gjorde også Herman Wildenvey.

Brenne tykte det var morosamt at mange kjente tekster hadde stått på trykk for første gong i julehefte. Eksempel: Rudolf Nilsen: «Det lå en pjokk og lukte», Jakob Sande: «Det lyser i stille grender» (Jul i Sunnfjord).

IMGP7587.JPG

I dette heftet var det bidrag både av Kaare Fostervold, Leif Halse og Hans Hyldbak.

IMGP7591.JPG

Fråhaldshefter, også med sterk politisk melding i 1941 – lenke med norske flagg!

IMGP7593.JPG

Kalla Skrøvseth var også med.

IMGP7601.JPG

Sverre Årnes

IMGP7608.JPG

Tom Brenne fortalte mange gode historier både om og omkring dei mange ulike hefta som han kjente til. Vi fekk også høgtlesing. I Trønderjul 1923 var det ei hestefortelling som Brenne ville lese for oss til ære for Røv Mølle. Der fekk vi høre om Gammelbrunen som vesleguten på garden var så glad i. Den gamle hesten vart bruka som mellomlegg ved kjøp av ny hest og sendt langt avgarde. Men hesten kom tilbake dei 16 milene han var sendt etter at guten hadde henvendt seg til Vårherre i ei inderleg kveldsbøn!

IMGP7613.JPG
Tove Mogstad gav Tom Brenne einlikal, sunn og søt takk for foredraget!

2018-12-05 20.30.45.jpg
Etter foredraget var det tid for kaffe og brød i den trivelege stua på Åsen.

2018-12-05 18.45.01.jpg