IMGP7303

Julegaver - Farsdagsgaver

Den niande Rindalsmessa er i gang og er open i dag og søndag. Mange strømma inn alt i opningsminutta, og målet ser ut til å vere å skaffe seg lemse til lutefiskmiddagen!

IMGP7320.JPG
Lykkeleg lefsehandel!

IMGP7307.JPG
I opningsminutta er det relativt god oversikt over dei 65 utstillarane, og det er god plass ved borda.

IMGP7309.JPG
 Trine, Åsa, Britt, Stine og Simon var av dei første som gjorde seg klar til å få seg noko å ete.

IMGP7338.JPG
Etter kvart var det fleire som satsa på næringsinntak frå den lekre bufféen.

IMGP7339.JPG
Etter ein stor halvtime var det god søg i Rindalshuset, og salget var i gang rund veggenne. Kjentfolk møtes og gaver til jul og farsdag blir sikra.

Ta deg god tid i Rindalshuset denne helga, for det er veldig mykje fint å sjå, og kanskje du kan sikre deg ein unik skatt!

Sjå bildeglimt nedafor!

IMGP7305.JPG
På galleriet finn vi Laila Williams frå Øvre Surnadal med vakker kunst både på lerret og stein.

IMGP7306.JPG

IMGP7311.JPG
Strikkegalskap! Elisabeth Osen er på gamle trakter og reklamerer her for møbelserien StrikkegalSkap som fabrikken Ole N.Negård har utvikla og produserer.

IMGP7321.JPG
Noko godt i munne kan du skaffe deg fleire plassar i Rindalshuset. Her er det Gunhild Anne Hyldbakk og Laila Haugen frå Myllårommet, Kvenna, som sel ein god pose.

IMGP7331.JPG
Ei ny rindalsbedrift dukkar opp på denne utstillinga, Leif Solheims eftf. Det er Leif Magne Røen som har tatt opp produksjonen av bestefaren sine mønsterbeskytta hagemøblar og kjelker i miljøvennleg furu og bjørk frå Norge. Besøk han og Alyona på standen i Rindalshuset og prøvesitt stolane!

IMGP7333.JPG
Vil du ha noko heilsprøtt, så kjøper du heimbaka flatbrød frå Vigdis Kvam og Stine Kvam Hansen.

IMGP7323.JPG
Inga juleutstilling utan nissar! Det sørger Rita Meås frå Hoston for!

IMGP7334.JPG
I Surnadal finn vi Go'klompen med Hege Andersen. Ho lagar viser puter dekorert med bilde, panneband og liknande dekorert med gau tekst. Ho lagar også på bestilling av tekst eller bilde som du leverer til henne.

IMGP7335.JPG

IMGP7337.JPG