Jubilerer med brumarsj

Bøbrua fyller 50 år! Det blir markert med brumarsj og folkefest i Bøfjorden søndag. Sjå nedafor om endring i programmet!

Jubilerer a Randi Bæv PLAKAT_700x480.jpg
Brumarsj: Velkomen til brujubileum og marsj søndag, seier initiativtakar og næraste bru-nabo Randi Irene Bæverfjord.
 

Idrettslaget og andre entusiastar har lagt opp eit variert program for små og store, også med historisk vinkling. – Klokka 13 samlast vi ved Nessavorren, seier initiativtakar Randi Irene Bæverfjord. – Derifrå er det båtskyss over til vorren på Settemsørane, akkurat slik skuleskyssen gjekk før brua kom i 1964.

På grunn av usikkert ver blir båtturen over Bøsundet avlyst. Brumarsjen startar dermed frå Settemsørane  kl 13.30. 

Brupins blir å få kjøpt for kr 50,-. 

Under samlinga på Kveldheim får ein kjøpt pølse med brød og gode kaker. Alle er velkomne dit, også dei som ikkje går Brumarsjen. 

Brumarsj

Sjølve brumarsjen startar deretter frå Settemsørane og går til grendahuset Kveldheim på Bø. - Til denne marsjen har idrettslaget produsert jubileums-pins i begrensa opplag, fortel Randi Bæverfjord. - Mange vil nok møte tidleg opp for å sikre seg ein av desse!
 

På Kveldheim får ein pølse, brød og kaffe med tilbehør. Gunnvald Bøe innleier til mimreprat om det store tidsskillet i bygda da brua opna hausten 1964. Ei fotoutstilling hjelper på minnet om gamle dagar, og anekdotene dukkar nok fram. Songen «Brua vår» vil også tone igjen!
 

Brua skapte ei ny tid

Før 1964 gjekk all trafikk til og frå Bølandet sjøvegen. Problema med skuleskyss førte til at Bølandets Folkeskole (no Kveldheim) vart bygd i 1916 og drive med privat innsats i 6 år. Mjølk- og varetransport, dokter- og jordmorskyss var i alle år avhengig av båt. Brua skapte altså ei ny tid i bygda.

Jubilerer b Bygging BRUA 1964 Foto Sigrun Sættem_700x465.jpg
Bygging: Brua nesten ferdig – sommaren 1964. (Fotoeigar Stein Sættem)

Jubilerer c LIVLEG Foto Arnt Kjetil Bøe_700x455.jpg
Nybrua: Livleg under opninga av den nye Bøbrua som vart bygd etter at orkanen knuste den gamle i 1992. (Foto: Arnt Kjetil Bøe)
 

I 1992 vart brua smadra under nyårsorkanen, og «gammel-tida» inntok Bølandet igjen, fram til ny bru var ferdig om hausten same året. Det var ein ny festdag da stortingsmann Restad klipte snora for Bøbru nummer to.


No håpar arrangørane at veret og oppslutninga blir jubileet verdig.


Tekst/foto: Bert G Bøe