Jubilerer med bok og graut

«Bølandets Folkeskole» - no grendahuset Kveldheim på Bølandet – vart bygd for 100 år sia. Laurdag inviterer Bø Grendalag til jubileumsfest – med slåttagraut, kaffe og historikk i form av bok og kåseri.

Prm Kvheim a Styret.jpg
Styret i Bø Grendalag Kveldheim inviterer til jubileum laurdag. Frå venstre Ola Bø, Kari Bøklepp, Magnhild Bøe, Gunnvor Bøe og Målfrid Bøklepp.
 

Huset vart bygd som «Bølandets Folkeskole» hausten 1916, i protest mot manglande offentleg skuleskyss over Bøsundet. Frå 1931 til 1998 var dette «Bø Bedehus» - samlingsstad for både misjon og andre tiltak. Først  på 1980-talet heldt Bøfjorden Korttidsbarnehage til i bygninga – som alt for hundre år sia hadde namnet «Kveldheim».

Frå 1998 har namnet igjen vore Kveldheim, etter at eit nystifta Bø Grendalag tok over drifta. Dei «nye» eigarane og drivarane – som etter definisjonen er alle busette på Bølandet – har gjort ein kjempeinnsats med istandsetting av huset og  stor aktivitet i den gamle skulebygningen.

Ein populær Kveldheim-tradisjon er den årlege felles slåttagrauten. Og når styret inviterer til fest laurdag ettermiddag, er det for å kombinere 100-årsjubileet med  denne.

På programmet står også lysbildekåseri med tilbakeblikk på fargerike hundre år. Kåsør er Bernt Bøe, som mellom to permar har samla den fargerike, muntre og vemodige historia om huset  og presenterer boka  «Kveldheim hundre år: 1916-2016».

Styret ser gjerne at du melder deg på – til Gunnvor (480 61 290) eller Magnhild (7166-2857).

Prm KVHEIM b BølaNDETS.jpg
Kveldheim  vart bygd som protest-skule i 1916. Her er elevar og lærar Kristian Vaagen like etter innflyttinga. Frå venstre ser vi Karen Hamnes (seinare gift Reiten), Ingrid Toresdotter Skrøvset, Anne O. Bøe (Sandvik), Ingeborg Bøklepp (Kalland), Gunnhild Stak-nes (Sæther), Ellen (Ella) Hamnes (Bøe), lærar Kristian Gerhard Vaagen, Ingebrigt A. Bøe (kom til Sivertstua), Inge-brigt E. Bøe (Ilen), Arne A. Bøe («Arne Bedehusa»), Ivar B. Bøe (Geilen, kom til Tuvå), Peder O. Bøe («Per Søgarda»), John P. Sæther (Mikkelgarden) og Olav E. Bøe (Hamna).

Prm Kvheim c NO.jpg
Hundreåringen Kveldheim jubilerer laurdag.

Prm Kvheim d Juletrefest ## Snitt.jpg
Juletrefest på 1960-talet: Lovise Sæther (t.v.), Anne Lise Bæverfjord, Eldbjørg Bøe og Torhild Dønheim dannar ring rundt treet på Bø Bedehus.

Prm Kvheim e Barnehage på 80-talet.jpg
Solpause i barnehagen først på 80-talet.

Prm Kvheim f Hobbymesse i Bøfjordhelga 2016.JPG
Hobbymesse under Bøfjordhelga no i sommar. Nærast sit Kari Bøklepp og (lengst t.h.) Magnhild Bøe.

Prm Kvheim g 2016 Kvheim Plakat.jpg


Innsendt av Bernt G Bøe