Fastelavnsøndag i Øvre Rindal kapell

Jesus er noko for seg sjølv -

- Jesus er noko for seg sjølv  -  og veldig mykje for oss, sa sokneprest Lene Gåsvatn i preika si til menigheta og 5.- klassingane i Øvre Rindal kapell fastelavnssøndag. 

5.-klassinger i Øvre Rindal kapell 07022016_690x460.jpg

5.-klassingane i Rindal fekk utdelt kvar sin Bibel frå soknerådet. Soknerådsledar Leif Ove Grytbakk fekk hjelp av to konfirmantar til utdelinga.

Preiketeksta på Fastelavnssøndag var frå Lukas 18, 31-34:
31 Han tok de tolv til side og sa til dem: «Se, vi går opp til Jerusalem, og alt det som profetene har skrevet om Menneskesønnen, skal gå i oppfyllelse. 32 Han skal overgis til hedningene og bli hånt og mishandlet og spyttet på, 33 og de skal piske ham og slå ham i hjel. Og den tredje dagen skal han stå opp.» 34 Men de skjønte ikke noe av dette. Meningen var skjult for dem, og de forsto ikke det han sa.