Rindal kirke kirkerommet 2016

Jesu harme

Faktisk kunne Jesus bli sint. Når disiplane prøver å hindre kvinner og born i å koma til, får dei passet påskrive: Neimen om borna skal gå for å vera tredjesortering! Dette var tema i Rindalskyrkja sundag. Preika og dåpsbilde ligg ved.

Rindal kyrkje 050616 Markus 10, 13-16

De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. Sannelig, jeg sier dere: Den som ikke tar imot Guds rike slik som et lite barn, skal ikke komme inn i det.» Og han tok dem inn til seg, la hendene på dem og velsignet dem.

Det har flydd ei songtekst forbi meg nyleg. Det var med Hellbillies og songen gjekk på dette at det er dumt å inrette livet sitt etter ei gamal bok.

Dermed veit me gjerne kva som er intensjonen: Betre å halde seg til eige vit enn til det som måtte vera skrive i Bibelen.

Reint personleg syns eg ikkje det var særleg greit å høyra på dette som eg opplevde at var arroganse mot vår Skapar. At einkvan krenker det som er viktig og stort og godt for oss, må me berre leva med uansett korleis me lever. Det blir gjerne som ein vekkar: Trør einkvan på mine verdiar, blir eg i alle fall bevisst på kva verdiane betyr for meg. Elles ville det jo ikkje gjort vondt!

Det som er aller mest verdifullt for oss som er foreldre, er borna våre. Ingen over, ingen ved sida.

Så langt vår inflytelse rekk, beskytter me borna våre mot både fysisk og psykisk smerte og alt som kunne krenke eller skade dei.

Dei tenkte gjerne slik, mødrane som såg sitt snitt til å koma til Jesus med borna sine. Men dette var noko dei ikkje hadde myndigheit til, slik eigentleg.

I det som då var samtid – og gjerne no òg – så er det lett at borna og deira interesser kjem i bakgrunnen. Ærevære Barnembudet og vidare organisasjonane Redd Barna og Familie og Medier med sine spesiale på beskyttelse av nett-born.

Me skulle også gjerne sett oss såpass omkring at me oppfører oss i tråd med alt me veit om øydeleggjande plast i fjæresteinane og like forurensande fly me er nødt til å få så belleg at ei avgift på 80 kroner blir for mykje. Eller landbruket som stadig må bli større og meir effektivt, - så får det våge seg om ein må køyre møk og gras i ein stadig vidare radius – med den forureininga dette fører med seg. Vil me eigentleg at det skal vera slik?!

Krenkar me naturen, krenkar me også dei som skal leva lengre enn oss sjølve.

Dette visste Jesus. Og på den tid var det uhørt berre å tenkja slik. For der var rangen og verdigheita opplesen og vedteken: Dei som teller her i verda er menn. Nokon menn har meir makt enn andre menn. Og uansett er det mannfolk som bestemmer og har noko dei skulle ha sagt.

Akkurat slik gjengen i Hellbillies gjer det gjennom ei av sine sangtekstar: Dei skal så absolutt ikkje inrette livet sitt etter kva som står i ei gamal bok.

Men tenkt om dei visste kva som står der?! Tenk om dei ante kva verdi og posisjon dei minste av oss får- og ikkje minst har- om me tek Gudsordet på alvor.

For kva gjer vel ikkje Jesus: For det fyrste blir han sint. Og dessutan snur han rangordninga beint opp ned. Det er borna som er størst i Guds rike. Det er dei som teller mest. Det er dei som får både velsignelse og identitet under Jesu hender.

Og – for å seia som var eg ein TV-shop-figur: Og ikkje nok med det! I tillegg seier Jesus at alle som vil ha noko med Guds rike å gjera, må bli som born. Me må ta det imot som var me born. I Guds rike er ikkje borna for tredjesortering å rekne, under mannen som tronar øvst og kvinna som skal underordne seg mannen og barnet som knapt nok er tileigna verdi i seg sjølv. I Guds rike er borna best.

Det står om det i Den gamle boka, - både til trøyst og oppmuntring til oss som slit med å vera vaksen og ordne opp i sakene våre sjølve.

Korleis me så kan ta imot Guds rike som eit lite barn?

Me kan gjera som eit lite barn og bruke det me har av følelsesmessig innsikt til å orientere oss mot det som gjer oss godt. Finst det einkvan som vil akkurat meg vèl, så må me då lata oss finne?!

Og så kan me få det, utan gjengjeld og utan betaling og utan vidare – det som borna klarer å ta imot: Ein frelsar som tek oss inn til seg, legg hendene sine på oss og velsignar oss.

Såpass fantasi har nok dei fleste av oss så me kan sjå deg for oss: Ein Frelsar som held sine hender rundt meg, ein Gud som velsignar med preposisjonar som møtest frå alle retningar med livet mitt som skjæringspunkt og ein Heilag Ande som hjelper meg til å sjå samanhengen:

Skal nokon ordne opp i livet mitt, må det bli nokon annan enn meg. Ein dag skal me sjå korleis det skjedde og korleis det skjer: Synet av gjennombora hender vil syne oss kva kjærleiken er:

Kjærleik er ikkje det at me har elska Gud, men at han har elska oss og gjeve sonen sin til soning for alt som er oss og vårt av dystre framtidsutisker.

I dag kjem de til kyrkja med Thor Erik for at han skal få dette som er trygt og godt både for han og for oss alle. Gratulerer med dagen og avgjerda de har teke om å leggja guten og framtida hans i Jesu hender. Så får me be om hjelp så me kan sjå at dette som heiter for guddommeleg kjærleik og velsignelse angår alle som er små – oss sjølve inklusive.

Thor Erik Wullum Heggem 2016-06-006_690x461.jpg
Dåpsbarnet Thor Erik Vullum Heggem med foreldre og fadrar.