JENSTAD Tor Erik

Jenstad på museet i Bøfjorden

Hørkelgadden og språkmannen Tor Erik Jenstad er hovudaktør på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. Saman med Unni Ulltveit på fløyte og Harald Røstad på bass trakterer han trekkspelet i eit feiande musikkprogram – med mykje flott språkstoff innimellom.

Programmet er kalla «Trebitmerrra og feppeldall’n» og er ei bildevandring med språklege og musikalske stopp.
 

- Vi kjører ein bildepresentasjon og kommenterer det vi ser, oftast med forskjellige dialektord. Så prøver vi å finne musikalske innslag som kan passe inn. Det blir gjerne ein slått eller fem, seier Jenstad, som og trur det kan dukke opp historier og gåter. Dialekt-temaet tek gjerne utgangspunkt i årstida og trekkjer inn både blomster, bær, insekt, fuglar og dyr
 

Språkforskaren og spellmannen Tor Erik Jenstad er frå Gjøra i Sunndal, har vore redaktør for «Trønderordboka» og storverket «Norsk Ordbok 2014» og har dertil gjeve ut fleire eigne bøker. Blant desse er ”Sunndalsord”, ”Skjellordboka” og ei han kallar ”Vaddesålekt, din jehuk”. Mange hugsar han frå gruppa «Hørkelgaddan» på 1980-talet.

 

Tor Erik Jenstad tok doktorgrad på spelmanns-uttrykk, er namnekonsulent og dessutan ein radio-aktiv herre, kjend frå m.a. Dialektmagasinet og Språkteigen i NRK. På nettet har han ein blogg med ymse ord og uttrykk.

 

Han har målprisen frå Nordmøre mållag og fekk i 1993 ein svensk pris for arbeidet med dialektologi.

 

Men kva ei «trebitmerr» og ein «feppeldall» er for noko, får du først veta på museet søndag.