Blime-nettsak_350x228

Jens fekk helse på Torstein og BlimE-ambassadørane

Statsminister Jens Stoltenberg fekk fredag besøk på kontoret av MGP jr-vinnar Torstein Svekvik og fire andre ambassadørar frå NRK Super sin haldningskampanje BlimE. Som tusenvis av norske born rundt om i heile landet, har statsministeren no fått eit turkis armband som teikn på at han er med på BlimE-kampanjen og vil bidra til at born og vaksne bryr seg om kvarandre.


Det er ikkje kvar dag Jens Stoltenberg serverer saft og bollar til gjestene sine på Statsministerens kontor. Men det var det som sto på menyen da Signe Landsverk Holst (13 år), programleiar i Krem Nasjonal, Adrian Grønnevik Smith (9 år), kjent frå "Lillebror og Knerten"-filmene og MGP jr-vinnar Torstein Snekvik (10 år) frå Kvanne kom på besøk for å fortelje om BlimE-kampanjen.

Margrethe Røed og Sam Eghtedari, kjent frå Barne-TV og Megafon, var også med som BlimE-ambassadørar, skriv Statsministerens kontor på nett.

BlimE er ein haldningskampanje starta av NRK Super. Slagordet til kampanjen er “Si hei, vær en venn”, og føremålet er å inspirere alle barn i Norge til å sjå kvarandre og bry seg om kvarandre.

Foto: Statsministerens kontor