Interkommunale samarbeid

Rita Aarnes vart kjent inhabil i denne saka, og Anne Grete Gravvold tok hennar plass i kommunestyret.

 

Bergsvein Brøske (Sp) la fram forslag om at ordlyden i saka blir endra slik at samarbeid om PPT og kulturskolen i lag med nabokommunane på Indre Nordmøre, slik at ein han mulegheit for å sjå på samarbeid med fleire kommunar enn det som no er nevnt.

 

Rakel Polden (Ap) sa at ho meiner at ordlyden er grei slik den står, og at det er greit å halde fram samarbeidet med Rindal.

 

Jonny Melkild (Ap) sa at han vi støtte Bergsvein Brøske sitt forslag.

 

Ordførar Lilly Gunn Nyheim påpeika at Surnadal har eit godt samarbeid med Rindal, og det ønsker ein ikkje å ødelegge. Ho håpar at kommunestyret går for innstillinga slik ho foreligg.

 

 

Helge Røv (Ap) støtta dette. Ordlyden i innstillinga vil vere mest fornuftig ut frå dei forhandlingane og diskusjonane som har vore om samarbeid, meiner han.

Marit Granhus Langli (H) sa at Høyre vil støtte innstillingar.

Rådmann Knut Haugen sa at han ser ikkje noko problem i at ein får handlingsrom til å sjå på fleire mulige løysingar.

Ordlyden i rådmannen si tilråding vart sett opp mot endingsforslaget frå Bergsvein Brøske. Ordlyden i rådmannen si tilråding vart vedteke mot 7 stemmer.

Rådmannen si tilråding vart deretter einstemmig vedteke.