Picasa

Stangvik Oppvekstsenter vann

Intens energikamp i sola på Skei

Energikampen der både ungar og vaksne lærer seg samanhengen mellom energi og miljø, er ein konkurranse mellom skoleelevar, først på lokalskolen, så kvalifisering og til slutt finale. Den vart arrangert mellom lag frå Øye Stangvik og Mo framfor kulturhuset på Skei lørdag ettermiddag! Sjå meir om dette nedafor!

Kvalifiseringa har foregått på skulane i heile Svorka-distriktet, Halsa, Rindal og Surnadal. 2 lag frå Halsa, 3 lag frå Rindal og 7 lag frå Surnadal møttes først til kvalifiseringskamp i mellom anna kjempesprettert, kulelabyrint og flåtetrekking. Vi har bilde frå finalen der 3 lag frå Surnadal møttes.

Det var Sindre Kvande, Marte Næss og Arnstein Aasbø frå Øye skole.

Frå Mo Oppvekstsenter stilte Silje Avset Sjøflott, Margrete Dalsegg og Kristian Ranes Wahl.

Erik Andersen, Alice Naustbakk og Brage Østbø stilte for  Stangvik Oppvekstsenter, og dette laget tok seieren og premien, som er tur til Lillehammer  for heile klassen.

 

Det var tidlegare ledar for Norsk Laksefestival, Ragnar Halle, som lanserte idéen å legge finalen i Energikampen til laksefestivalen, fortel Bård Andreassen i Svorka Energi. Svorka tok kontakt med ENOVA og Regnmakerne og presenterte opplegget for skolane. Saman med Vågå, vart opplegget støtta an ENOVA og vart eit pilotprosjekt. Mange energiverk har hengt seg på dette opplegget etterpå. Dette er 5. gongen Energikampen er arrangert her i området.

 

 

Klikk på bilda og sjå dei større og som bildeserie!

         

IMGP7307
Mo Oppvekstsenter ved kulelabyrinten. Ei kule skal førast frå eit hjørne til eit anna hjørne utan å falle gjennom hola i plata. Her krevs samarbeid!
IMGP7309
Føring av ein bordtennisball gjennom ringar og til ei bøtte med hjelp av hårfønar!
IMGP7311
Ein
IMGP7314
Skyting av tennisball på blink med ein kjempesprettert. Tre blink er kravet.
IMGP7319
Mykje publikum følgde kampen
IMGP7321
Stangviklaget klar til start
IMGP7322
Kulelabyrinten måtte gjennomførast inna ei tidsgrense for å få med seg flagget til mål, og det var om å gjere å få med flagg frå alle postane
IMGP7326
Det krevs full konsentrasjon for å føre denne ringen etter det svingete røret utan å komme borti røret og få omstart
IMGP7329
Blinken i sikte
IMGP7332
Øye i gang med labyrinten
IMGP7338
- flåten
IMGP7341
- blinken
IMGP7347
IMGP7350
Alle laga på line for premieutdeling: 1. Stangvik - 2. Mo - 3. Øye
IMGP7358
Vinnarlaget frå Stangvik Oppvekstsenter
IMGP7372
Glade og stolte vinnarar som får med seg klassen sin til Lillehammer
IMGP7364
- her framfor Svorkatilhengaren!